9. mars 2025

Bursdagsfeiring før orkesterkonsert







Orkesterspeling heile tre gongar denne veka: me hadde øving både på tysdag og i går, og i dag var det konsert (og den låt veldig bra, synest me i alle fall). Før konserten, var me ein svipptur innom Sola for å feire bursdagen til pappa. Blei ikkje lenge sidan me skulle vidare til Sandnes og nemnde orkesterkonsert, men koseleg var det lell! Ein av dagane på jobb, fekk me ein stor leveranse med skulesekkar, og då var det opp og ned og fram og tilbake med jekketralla – alt det eg lærte å bruke medan eg jobba i svømmehallen, altså. Regnfulle dagar har det også vore, men eg har no likevel fått tatt ein titt på endå fleire snøklokker (å, dei er så vakre!), og eg traska til jobb i fullt regntøy rett før helga tok til. Eg har kost meg med bøkene eg har lese, elles har veka mi sett slik ut:
 
lurer på om The Brilliant Life of Eudora Honeysett av Annie Lyons er ei av årets beste bøker 
magisk lys over naboblokka torsdagskveld 
høyre ungdomsorkesteret spele "Gabriellas sång" for vår eigen øving tysdagskveld 
nøgd med å gå til kveldsvakta på jobb trass etter kvart øsande regnvêr 
surdeigspizza som laurdagsmiddag, noko artig på skjermen og til slutt litt "Bananagrams"
på torsdag hadde Wicked premiere på Folketeateret, og eg gleder meg til me snart skal sjå den
lurer på kva bok som hamna slik, på bakken
antar at det blir minst eit snøklokkebilete kvar veke her på bloggen ;)
måndagskveld med te i vinterkruset (no er vinterkrusa pakka ned) og restar etter fastelavn
litt for open slutt, men I skumringen synger svartttrosten var likevel ei sårvakker bok
rundstykke, gåver, kaffi og kake for å feire pappa som har bursdag i dag – hipp, hipp hurra!
snøklokker i vår rubinraude rullesteinvase
tihi, Olive er som ein superskjønn virvelvind
byrje å sjå Bakemesterskapet
rydde i ei eske med gamle skulebøker
sjå rådyr på veg til konserten
ikkje lenge sidan sist, men også denne veka høyre "Superstar" på radioen
orkesterøvingar og til slutt spele ein klassisk konsert
og når me snakkar om Wicked: høyr Cynthia Erivo og Ariana Grande syngje frå Oscar-utdelinga
min nye Twiggygenser!
fargeklatt langs vegen
stearinlys, te i eit ekte bokkrus og ei god bok i fanget
sjølv om eg hugsa kven mordaren var, koste eg meg med Tragedie i tre akter av Agatha Christie

Legg igjen ein fin tanke