15. okt. 2024

Rundt eit lite vatn her i byen


Lange gåturar i haust har det dessverre ikkje blitt, men eg kjem meg ut på små turar i nærområdet, eg går til jobb, og her om dagen var han fine og eg ute på ein liten luftetur rundt Lille Stokkavatn. Mange av trea hadde gule blad, og det synte lyste opp ein smågrå dag, så varmt og gyllent.




I vatnet svømte ei grå svane, sikkert ein av årets ungar som byrjar å bli store. Bjørka var full av små, guloransje blad og eg fekk auge på ei stamme som såg ordentleg rynkete og gammal ut, ikkje lenge etterpå eit trolsk tre rett innanfor ein steingard. Og me rakk å gå runden før regnet kom.

13. okt. 2024

Gult er kult også på denne tida av året




Skulle helst ha vore ute på tur blant alle haustblada i dag – og det heiter jo at det ikkje finnast dårleg vêr, berre dårlege klede – men nei, det har vore skikkeleg grått og trist i heile dag. I tillegg jobba eg i går, så eg skal innrømme at det sånn sett var greitt å ta det heilt med ro inne i dag, med ei god bok (eller, meir enn ei bok) og god kaffi. Nasen er framleis snottete, og eg byrjar å bli lei no. Ja, ja, det er no ofte slik det er på denne tida av året. Og når ein er inne på denne tida av året: julevarene er komme til butikken. Sjølv om det er kjekt å ta ein titt på julebøkene og alt det flotte julegåvepapiret, er det for tidleg i mine auge. Kva tenkjer du om det; kjem jula til butikkane tidlegare og tidlegare for kvart år?! Får vel prøve å leggje frå meg her no, ei ny jobbveke ventar. Fargar, bøker og litt anna:
 
✦ Miss Marple er ei så herleg "detektiv" og eg koste meg med å lese Mord som medisin
✦ regndropar på ei kvit fjør blant alt det grøne 
✦ trass travle dagar, må eg smile når eg har på meg ein favorittopp på jobb, eit ekte bruktfunn
✦ Bailey er så innmari snill når han skal helse på dei små, nusselege kattungane
✦ ein ekte klassikar etter jobben i går: Chaplin-filmen Modern Times frå 1936
✦ Jakob på vippepunktet er ei kjempebra barnebok som eg trur mange kan relatere seg til
✦ å gå til jobb sjølv om det var litt yrande regn
✦ fortsetje å sjå sesong tre av Heartstopper
✦ går jo ikkje an å la vere å stoppe opp på veg til jobb når det er det vakraste haustlauvet overalt
✦ kaffidate med mannen min midt i veka
✦ den fine katten Mira blei fem år i sommar, sjå for eit herleg sjarmtroll
✦ høyre "I Know Him So Well" frå Chess på radioen ein morgon
✦ små, knallraude haustblad sett på veg til butikken
✦ gul er alltid kult, men kanskje litt ekstra no om hausten
✦ Miranda har mange kjekke boktips i denne videoen, her er det mange kosebøker å ta av
✦ grei nok krimbok, den femte i serien om Ruth Galloway, men tar nok ein pause frå den no
✦ heimelaga laurdagspizza etter jobb
✦ haustlyset om morgonen på to hjul
✦ kult å sjå Jesus Christ Superstar frå eit reint trommeperspektiv, rett og slett fascinerande!
✦ lesesundag medan det regna ute
✦ slå av ein prat på med ein eg gjekk på vidaregåande med, veldig lenge sidan sist
✦ Jansson og Pietiläs Notater fra en øy er ei fin bok om øya Klovharun lang ute i havgapet

12. okt. 2024

Stor kvardagsglede




Haustsola, haustlufta, haustfargane. Berre det å gå ein liten svipptur til butikken, er ei stor kvardagsglede når hausten viser seg frå si beste side. Det er så magisk ute nett no.

11. okt. 2024

Grantchester

 
The Church of Saint Andrew and Saint Mary, Grantchester. Møtte verken presten eller politifolka, for eg snakkar så klart om den britiske krimserien Grantchester. Men det var no likevel fint å berre gå litt i landsbyen etter at me hadde slappa av i den flotte hagen. Skilt som tydeleg viste kor me var, eit "reading room" der ein kan ha små konferansar eller liknande og ekte britisk stil rundt i gatene.
 





Grøne tre og store blomar i alle moglege fargar, mykje fint å sjå før me tok bussen tilbake til Cambridge. Bussen gjekk ikkje ofte, så her var det om å gjere å passe tida. Alt i alt var det ei koseleg utflukt til ein landsby eg kjenner frå TV. Og så kom bussen, og me sa "ha det" til Grantchester.

9. okt. 2024

The Orchard Tea Garden


Tok det ganske roleg den fyrste dagen vår i Cambridge. Eller, heilt roleg var den ikkje sidan me tok oss ein gåtur til ein nabolandsby, men stort meir enn det på planen hadde me ikkje. Skulle gå eit stykke langs elva Cam og stoppa ganske raskt, for berre sjå den gamle, fine brua! Den var designa av William Etheridge og blei bygd av James Essex i 1749. Wooden Bridge er det eigentlege namnet på brua, men den blir kalla Mathematical Bridge på grunn av den matematiske strukturen der tømmera støttar seg sjølv. Fascinerande! Langs elva var det i tillegg fine kyr som beita, det var solstolar foran ei bustadblokk, me såg ei hegre og ikkje lenge etterpå ein liten svanefamilie i graset.




Landsbyen me skulle gå til, var Grantchester. Høyrest namnet kjent ut?! Jepp, det har du rett i, for NRK har nemleg sendt den britiske krimserien Grantchester på skjermen, og landsbyen ligg altså ikkje langt utanfor Cambridge sentrum. Ein akkurat passe lang gåtur midt i ferien.



Min betre halvdel hadde titta litt på kartet og funne ein kafé han tenkte me kunne besøke. The Orchard Te Garden var litt meir enn berre ein kafé, for det er ein stor hage med epletre, mange sitjeplassar og veldig avslappa stemning. Det var lang kø inne i huset der ein tinga maten, men til slutt sette me oss ned ved eit bord ute i hagen med cream tea (eg juksa og hadde cappuccino ved sidan av sconesen). Maten var god, og etterpå sat me der ei stund og las, berre naut det å ha ferie.

7. okt. 2024

Luftetur i nabolaget



Fargane ute nett no. Oktober, du kan vere ganske så fin. Gule blad på trea, eit einsleg gyllenbrunt blad på bakken midt i skuggespelet og dei raudoransje bæra. No er det ordentleg haust.




Kvit, lita fjør i det enno så grøne graset. Haustlauv i mange fargar midt i ei rundkøyring. Og så dei vakre hestekastanjane. Nei, desse kan ein ikkje bake og sidan ete, men dei er veldig flotte som dekor. Eller berre å ha i lomma medan ein traska sakte heim. Luftetur i nabolaget i den friske oktoberlufta.

6. okt. 2024

Ein slik start på oktober




"It is impossible, of course, to say exactly when childhood reading stops and adult reading begins." Så mange gode barndomsminne om lesing, og boka Bookworm av Lucy Mangan handlar om nettopp dette. Ei kjekk bok å lese, og det gjer så godt å fortsetje å lese bøker som gir meg så mykje. Kjipt å vere forkjøla, for denne veka var det min tur. Heldigvis ikkje så ille som førre runde, så eg skal ikkje klage for mykje. Ute har det vore kanonflott, og det har vore så herleg å anten gå eller sykle til jobb. Greie dagar på jobb, orkesterøving på tysdag (det byrjar å nærme seg konsert) og ei roleg helg med mykje lesing og kaffi, ein akkurat passe luftetur i dag. Resten kjem i punkta under:
 
✦ at oktober har starta så fint med sol og frisk haustluft
✦ Lucy Mangans memoarar Bookworm om barndomens lesing var ei fin og artig bok
✦ og kjekt å høyre denne episoden av The Comfort Book Club om nemnde bok
✦ så gøy å lese vidare om alle i Mummidalen; Trollmannens hatt er bok nr. tre
✦ kjenne sola i andletet då eg gjekk til jobb på onsdag
✦ og så klart lese litt medan eg traska av garde
✦ miniluftetur i dag gjorde godt etter ein innelaurdag med tett nase
✦ lenge sidan me har sett på Maru, men han er stadig ein like morosam pus
✦ papirvekta vår frå Kew Gardens 
✦ kveldshimmelen over Vågen rett før orkesterøvinga
✦ ein kunde som skraut av toppen eg hadde på meg, ein hekla topp som mamma har laga 
✦ laurdagstaco og ein kjekk film i lag med mine betre halvdel
✦ fortset å sjå filmatiseringar av The Secret Garden, denne gongen 1987-versjonen
✦ eg fall for Callie, Rhys og Ruby – Making Wishes at Bay View av Redland er ei herleg historie
✦ fargerikt tre sett på veg til jobb 
✦ oktoberlyset! 
✦ fikse to bukser og hempene på eit par handklede, ordentleg syverkstad 
✦ "Top 10 Movies Soundtracks That Give Us Chills" – Ringenes Herre, Løvenes konge og Inception
✦ skuggespel på to hjul langs Mosvatnet
✦ Heartstopper er i gong med sesong tre, og den er så himla fin, rørande og alt på ein gong 
✦ likte ikkje New Beginnings at Seaside Bloom like godt som Making Wishes, men likevel ei søt bok
✦ sundagskjensla med Dag og Tid (reportasje om Færøyene), kaffi og noko attåt frå Ryfylke bakeri