13. okt. 2024

Gult er kult også på denne tida av året




Skulle helst ha vore ute på tur blant alle haustblada i dag – og det heiter jo at det ikkje finnast dårleg vêr, berre dårlege klede – men nei, det har vore skikkeleg grått og trist i heile dag. I tillegg jobba eg i går, så eg skal innrømme at det sånn sett var greitt å ta det heilt med ro inne i dag, med ei god bok (eller, meir enn ei bok) og god kaffi. Nasen er framleis snottete, og eg byrjar å bli lei no. Ja, ja, det er no ofte slik det er på denne tida av året. Og når ein er inne på denne tida av året: julevarene er komme til butikken. Sjølv om det er kjekt å ta ein titt på julebøkene og alt det flotte julegåvepapiret, er det for tidleg i mine auge. Kva tenkjer du om det; kjem jula til butikkane tidlegare og tidlegare for kvart år?! Får vel prøve å leggje frå meg her no, ei ny jobbveke ventar. Fargar, bøker og litt anna:
 
Miss Marple er ei så herleg "detektiv" og eg koste meg med å lese Mord som medisin
regndropar på ei kvit fjør blant alt det grøne 
trass travle dagar, må eg smile når eg har på meg ein favorittopp på jobb, eit ekte bruktfunn
Bailey er så innmari snill når han skal helse på dei små, nusselege kattungane
ein ekte klassikar etter jobben i går: Chaplin-filmen Modern Times frå 1936
Jakob på vippepunktet er ei kjempebra barnebok som eg trur mange kan relatere seg til
å gå til jobb sjølv om det var litt yrande regn
fortsetje å sjå sesong tre av Heartstopper
går jo ikkje an å la vere å stoppe opp på veg til jobb når det er det vakraste haustlauvet overalt
kaffidate med mannen min midt i veka
den fine katten Mira blei fem år i sommar, sjå for eit herleg sjarmtroll
høyre "I Know Him So Well" frå Chess på radioen ein morgon
små, knallraude haustblad sett på veg til butikken
gul er alltid kult, men kanskje litt ekstra no om hausten
Miranda har mange kjekke boktips i denne videoen, her er det mange kosebøker å ta av
grei nok krimbok, den femte i serien om Ruth Galloway, men tar nok ein pause frå den no
heimelaga laurdagspizza etter jobb
haustlyset om morgonen på to hjul
kult å sjå Jesus Christ Superstar frå eit reint trommeperspektiv, rett og slett fascinerande!
lesesundag medan det regna ute
slå av ein prat på med ein eg gjekk på vidaregåande med, veldig lenge sidan sist
Jansson og Pietiläs Notater fra en øy er ei fin bok om øya Klovharun lang ute i havgapet

Legg igjen ein fin tanke