14. des. 2014
Luke nr.14
Dette biletet blei tatt klokka halv åtte om morgonen ein fredag i april. Me var på veg til bussen med ein koffert og kvar vår sekk. Bussen skulle ta oss til flyplassen, for me skulle til Sjøholt. Det var starten på påska. Dette er "en bild du som du inte minns att du har tagit." Grunnen til at eg veit klokkeslettet, er fordi det står på biletefila, og det same gjeld datoen. Eg hugsar ikkje heilt at me stoppa opp og tok dette biletet såpass tidleg ein morgon. Men likevel: når eg ser på det, hugsar eg jo kvar me skulle. Eg hugsar at eg gledde meg, for det er alltid fint med litt ferie. Og eg hugsar forventningane, for det var i påska at me skulle treffe tante- og onkelbarna våre. Luke nr.14 i bloggjulkalenderen hos Emily er med dette opna. Håper alle får ein fin tredje sundag i advent!
Merkelapp
bloggjulkalender
13. des. 2014
Med nøklane i handa
Eg veit eg har delt dette biletet før, men i dagens luke i Emily sin bloggjulkalender, er "en bild ifrån en avgörande ögonblick i år", og då må det jo berre bli den dagen me tok over leilegheita. Det var kanskje endå meir avgjørande då me baud på leilegheita og fekk tilslag, men det gjekk vel kanskje ikkje heilt opp for oss før me stod der med nøklane i handa. Me blei huseigarar 14.august og 29.august, ein fredag, var dagen då leilegheita blei vår. På ordentleg. Vår eigen heim :)
Merkelapp
bloggjulkalender,
interiør og bustad
12. des. 2014
Gode sommarminne
Å kunne sjå tilbake på sommaren som var, med gode vener, varmt og flott vêr, sommarjobb, tur til utlandet og Vinjerock, er veldig fint no i desember. No når det er grått og kaldt og eksamenstida er på det mest intense. Dagens luke hos Emily er "en bild från i somras som väckar din sommarlängtan". Også i dag blei det to bilete og ikkje berre eitt. Begge to er tatt med mobilen, for det er ikkje alltid eg gidd å ta med kameraet når eg berre skal ut ein liten tur. Isen er frå Gladmatfestivalen, og bæra er frå ein dag ei av mine beste veninner og eg var ved Stokkavatnet og berre naut sommaren. Hugsar enno kor varmt det var den dagen, og at eg tidlegare på dagen var på jobb og berre lengta etter å hive meg uti vatnet. Gode, kjekke sommarminne å tenkje tilbake på!
Merkelapp
bloggjulkalender,
hygge
11. des. 2014
"...person du saknat i år"
Denne hausten har vore fin med eiga leilegheit, nytt studium og spele i orkester. Samstundes legg eg ikkje skjul på at det har vore tøft. Det har vore tøft å starte på ein ny skule utan å kjenne ei sjel. Eksamenstida har vore ekstra lang, og med null orkester i to månadar og ei leilegheit som plutseleg byrja å sjå ut som ein heim, har det vore skule i hovudet mitt i ganske mange av døgnets tidar. "En bild på en person du saknat i år" er luke nr.11 i Emily sin bloggjulkalender. Det eg har sakna mest av alt, er rett og slett nokre vener å gå til når ein treng fri, berre prate og le, mimre, sjå film eller spele spel. Har nokre fine folk i Kr.sand, men det kostar fort å skulle dra dit kvar helg. Og Kongsberg er også litt langt. Har også veninnegjengen frå vgs., me me bur alle på kvar vår kant. Om eg må velje, så er det to personar eg har sakna litt ekstra. Ho på det øvste biletet bur i Trondheim og skal vere min forlovar neste år. Då me var i Trondheim i oktober, hadde ho tid til å møtast, og det var supertriveleg! Og så er det ho på det nedste biletet, ho eg gjekk i franskklasse med på vidaregåande, så på Bømlo folkehøgskule saman, og etter det enda me begge to opp i Kr.sand. Me var på besøk hos ho og kjærasten tidleg i august, og ho var her nokre timar ein sundag i november. Sjølv om eg altså har sett dei begge to i løpet av dei siste månadane, har eg sakna dei veldig. For gode vener kjem ikkje "rekande på ei fjøl". De er så fine alle saman, alle eg har i mitt liv!
Merkelapp
bloggjulkalender,
hygge
10. des. 2014
Luke nr.10
Skulle så gjerne ha vist fram ein fin kjole som eg har kjøpt brukt eller som eg har arva. Vist fram det blå blondeskjørtet mitt som eg kjøpte i New York. Fine fargar no i desembermørket. Men det plagget som er favoritten akkurat no, må nok vere pysjbuksa. Så klart har eg ikkje på meg den på skulen eller når eg skal handle mat på butikken, men her i heimen, medan eg prøver så godt eg kan å få ferdig eksamensoppgåvene, er pysjbuksa "min beste ven". Alt blir så mykje betre, i alle fall koselegare, med komfortable klede. Og ei lita nisselua på hovudet, julemusikk og kaffi. Dette er luke nr.10 i Emily Dahls bloggjulkalender. Dette er "en bild på ditt favorittplagg just precis nu".
Merkelapp
bloggjulkalender
8. des. 2014
Min kvardag
Kvardagsbilete. "En bild från i år som bäst beskriver din vardag." Tja, kva bilete skal det vere? Kvardagen dette året har vore så mangt, alt frå null forelesningar og lite skule til fullt masterstudium, å flytte ut av eit heim, ein by og inn i ein ny heim i ein annan by, frå korps til orkester og alt midt i mellom. Så i staden for å leite meg i gjennom heile biletearkivet frå i år, gjer eg det enkelt og legg ved eit bilete som viser min kvardag slik det har vore dei siste vekene. Og som student, så ser det jo slik ut ganske ofte, ikkje berre i eksamenstida (utan nisselua vel å merke) ;) Og kaffi høyrer jo med i min kvardag, min fine kvardag som både går opp og ned slik livet gjer. Sist, men ikkje minst: kjærasten min. Han som gjer dei grå dagane mykje lysare og dei fine dagane endå finare. Sånn. Måtte jukse litt, og det blei difor to bilete og ikkje berre eitt. Men det må jo vere lov, for dette er min kvardag :) Dette er luke nr.8 i Emily Dahl sin bloggjulekalender.
Merkelapp
bloggjulkalender,
kvardag
7. des. 2014
Andre sundag i advent
Er så fint å kunne dele ei lita liste med fine ting no i denne intense eksamenstida. Eg kjenner eg treng slike lister no slik at eg innimellom kan slappe av, le eller smile og ikkje tenkje på skuleoppgåvene. Skal bli så herleg når det er ferie om elleve dagar (eller sånn der omkring). Ferie med bøker, julekos og handarbeid. Så her har de mi sundagsliste, ei liste med mykje bra og fint:
✦ telje ned dagane til julaftan med eit fint stearinlys
✦ tenk å sy sin eigen bunad
✦ koke graut andre desember med julemusikk på full guffe
✦ om einsemd (for eg kjenner meg sånn igjen) og eit fint ønskjeinnlegg hos Emily
✦ kvalitetetstid på kafé med kjærasten min midt i eksamenstida ♡
✦ høyre Vil du være med så heng på med meg med Per Asplin på radioen i gryinga med ein kaffikopp i handa
✦ herleg bilete av eit piggsvin (den trong eg no) og eit bilete av "just a leaf"
✦ "Hadde jeg vært ungdom, hadde jeg sagt opp på flekken" – ein viktig tekst om ungdom og stress
✦ skrive eksamensoppgåve i pysjen, berre fordi alt blir så mykje koselegare i pysj
✦ bloggen From Scandinavia with love
✦ Vinjerock blei utseld på ti sekund, og me var heldige; ordentleg opptur i denne tida!
✦ om kvifor nokre vel å ikkje drikke alkohol, om alternativ drikke til julemiddagen og eit innlegg frå eit pappahjarte
✦ fortsetje med å sjå femtitalsfilmar på laurdagar (i går: Funny Face) og Harry Potter-filmane på sundagar
✦ kul bileteidé, kult å sjå hårfrisyrar frå forskjellige tiår og kul og kreativ bustadannonse
✦ skrive julekort og høyre på julemusikk
✦ eit fint innlegg om alternativt julegåvepapir
Merkelapp
sundagsliste
Abonner på:
Innlegg (Atom)










