9. mai 2022

Ut togvindauget to seine aprildagar


To dagar i april, dei to siste faktisk. I eit togsete på veg til Oslo, og sidan på veg tilbake igjen. Fredag for halvanna veke sidan tok eg morgontoget til hovudstaden, og sjølv om eg hadde med meg nok bøker å lese, blei eg lenge sitjande og berre sjå ut vindauget. Blikkstille vatn og blå himmel, det flate, jærske landskapet. For meg er det noko meditativt å la landskapet fyke forbi saman med tankane.
 



Heim igjen. Toget gjekk halv to frå Oslo S, og nok ein gong måtte eg stadig titte ut. Robåtar og koselege hytter ved eit vatn. Las ein god del også, men då me byrja å nærme oss Jæren, blei det til at eg for det meste naut synet av landskapet. For eg fekk oppleve ein mjuk solnedgang over markene, over togskjenene og over fjorden. Å reise på denne måten, å ha god tid. Eg finn roa. 

8. mai 2022

Vanlig veke med eit svømmestemne på tampen




Inga overrasking at helga går fort når det er svømmestemne på jobb og det var mi jobbhelg. For det meste har ting rulla og gått av seg sjølv, men så klart var det litt ekstra vasking og rydding då stemnet var ferdig utpå dagen i dag. Eg kan vel ikkje seie at eg har gjort noko spesielt denne veka. To fridagar, orkesterøving, mykje lesing, mimring tilbake til Canada-turen vår og ein laurdagskveld på Sola i lage med mamma, pappa, broremann og ein onkel. God pizzasnurrvariant, kake og kaffi, latter og diskusjon om årets ESC-låtar (ikkje at me har følgt med noko særskilt, men litt artig er det no likevel). Søte lam og fine blomar ute, og viss du vil vite meir om mi veke, så les rett under:

Emily Henrys People We Me on Vacation er perfekt balkonglesing
artig at James Herriot blei nemnt i ein episode av Drømmeslottet
✦  "Top 10 Ridiculous 1980s Music Videos" – det glade 80-talet, her var det mykje løye
laurdagsmiddag og knallgod sitronostekake heime på Sola
fargesterk blome
få litt frukt og noko til kaffien av dei som arrangerte svømmestemnet
solnedgangen sett frå bussvindauget på veg heim frå orkesterøvinga
små, kvite blomar på eit tre på campus
gøy å lese om Vlad og Elena i Isn't it Bromantic?, bok nummer fire om The Bromance Book Club
min nye og vårlege Shine Short Sleeve 
tilbakeblikk på ein full bokhylle på kulturhuset i Oslo
Jonnas videoar er alltid like magiske
for to dagar sidan var det nøyaktig fire år sidan eg reiste til Moncton i Canada – saknar finaste PEI
må småhumre like mykje kvar gong: "Beaten må være litt bakpå"
søtaste lamma oppe på Ullandhaug 
finne roa med strikking
råkult med ein heilt ny LEGO-arm til ein åtteåring
påskekrim er like bra året rundt, attpåtil fjorårets, og med kaffi og noko godt attåt 
ny sesong av Fader Brown ligg ute på NRK Nett-TV

6. mai 2022

Fluffy topp i ein farge som roper vår





Knalloransje farge, ein mjuk og luftig topp, heilt perfekt for våren. Nyleg blei eig ferdig med min andre Shine Short Sleeve frå Novemberknits. Garnet er tynn silk mohair frå Sandnes Garn. Toppen sit akkurat passe laust og kjem til å bli ein favoritt som eg tar fram no og på seine sommarkveldar.
 



Perlestrikken på erma, den markante halsen og ragnlanaukinga, denne toppen er i mine auge så pen og elegant. Etter inspirasjon frå Instagramkontoen Stickjournalen, avslutta eg kanten på erma med ein liten i-cordkant denne gongen i staden for vrangbord slik det eigentleg står i oppskrifta. Synest det passar ypperleg til den flotte perlestrikken og generelt heile det mjuke utrykket. 

4. mai 2022

Idyll i mai




Rett ved universitetet ligg det fleire gardar, og akkurat no er det nusselege lam å sjå både på den eine og den andre plassen. Tok ein tur dit her om dagen: to små og kvite lam kan ein sjå beite i lag med høner i tillegg til mora deira. Liten idyll omtrent på campus. Oppe ved den økologiske garden på Ullandhaug måtte me bort for å helse på dei tre store grisane. Den eine rulla seg i søla, snøfta og verka nøgd. Etterpå rista den av seg den resterande søla medan dei to andre tok det heilt med ro.


Ikkje så lett å fange på kameraet med ein sol som stod høgt på himmelen, men jaggu var også dei spraglete lamma ved jernaldergarden supersøte! Hi, hi, den eine heva hovudet og stod stille ein augneblink med nasen høgt i sky. To små lodne pelsdottar som hoppa rundt på haugane, for dei har god plass inne på området. Såg også fem andre små lam, og då meiner eg små, på eit anna jorde, men dei var for langt unna til å kunne bli tatt bilete av. Men tru meg, dei var berre heilskjønne!

3. mai 2022

Tjuetre timar i Oslo saman med fine folk


Sidan eg berre skulle vere i Oslo eit snaut døgn, ønskte eg å reise lett, og eg tok difor ikkje med meg verken systemkameraet eller speilrefleksen. Litt rart å reise utan "ordentleg" kamera, men det gjekk no greitt å berre bruke mobilen. Så her kjem ein liten haug med mobilbilete frå min lille helgetur. Kaffi og bok på toget medan landskapet fauk forbi, eg lot tankane fare og hadde det riktig så bra. Togturen gjekk ganske fort, og vel framme i Oslo fann eg raskt fram til hotellet – måtte humre litt for meg sjølv då eg såg kor stort rommet var, for det var jo berre meg som skulle overnatte der (veninna mi og søstera hennar overnatta på eit anna hotell, men der var det fullt). Fekk så vidt tid til å skifte før eg møtte veninna mi. Saman traska me til Sørengkaia der me åt ein knallgod middag på Castello. Og så høgdepunktet: Hans Zimmer-konsert i Telenor Arena. Låta "House Atreides" frå Dune som opningsnummer, filmen Zimmer vann sin andre Oscar for, inga overrasking at tårene byrja å renne. Trøkk med musikk frå mellom anna Man of Steel og Pirates of the Caribbean, sidan nydeleg vokal med musikk frå Gladiatoren blei spelt, Inception som ekstranummer og tårene rann nok ein gong då musikken frå sjølvaste Løvenes konge endeleg ljoma frå høgtalarane.
 



Som du sikkert skjønner var det ei utruleg konsertoppleving! Stilig at Loire Cotler var med for å syngje, det var nemleg ho som song på Dune-albumet, og ho har ein heilt unik måte å syngje på. Og at Lebo M. også var med på scena, mannen bak store delar av Løvenes konge-vokalen, var omtrent endå større! Takk for at eg fekk vere med, fine deg, Randi! Rart å ete hotellfrukosten aleine dagen etterpå, men eg hadde god tid og slappa til og med av med ei bok på senga før eg gjekk ned i resepsjonen og sjekka ut. Skulle møte veninna mi ved Stortinget, og medan eg venta, sat eg på ein benk og naut sola i andletet. Grøne blad på trea, ein knallblå himmel, eit flott hotell. Me skulle møte ei anna veninne ved kulturhuset (i same bygg som Folketeateret), for det hadde eg plutseleg funne ut at det skulle vere Strikkernes marknad den laurdagen. Fann ikkje noko garn (ikkje så lett når det er så mange folk), men veldig gøy å ta ein titt likevel. Etterpå blei det kafétur på oss, kjempekoseleg å ha eit par timar i lag med desse to finingane. Toget mitt skulle gå fem på halv to, og det rakk eg med fem minutts margin. Puh, tjuetre timar i Oslo gjekk fort. Men denne turen var absolutt verdt det! :D

2. mai 2022

Bok i fanget både ute og inne


Gråvêr og innlesing i dag, litt ekstra fint å sjå tilbake på solskin og lesing ute på hytteterrassen i påska. Joda, me hadde ordentleg tåke ein av dagane, men sola titta fram i ny og ne. Om morgonen sat eg i sofaen under eit varmt og mjukt teppe med boka i fanget. Utpå dagen kunne eg sitje i solveggen. Stadig med ei bok i fanget. Slike stunder. Og sjølv om det har vore noko grått ute i dag, har eg hatt ei roleg lesestund her heime. Akkurat no er det altfor mange bøker, litt for lita tid. Tihi, er vel det eg kan seie, for dette er ikkje noko nytt. Lesehaugen blir stadig større, og titt og ofte kjem dei bøkene eg har venta på frå biblioteket på likt. Berre eit lite hei, for bøkene ventar ;)

1. mai 2022

Lyse morgonar og ein svipptur til Oslo




Fredag for ei dryg veke sidan, fekk eg melding av ei veninne som lurte på om eg ville vere med på Hans Zimmer-konsert i Oslo – ho hadde ein ekstra billett. Så klart ville eg det, men det var kort varsel sidan konserten skulle vere fredagen veka etter. Spurde om ein feriedag, ordna billettar til toget og fann eit hotell som hadde ledig plass. Plutseleg fekk eg meg ein helgetur til hovudstaden. Og sjølv om turen blei nokså kort, var det ein tur med kvilestund på toget, god mat og drikke på restaurant, latter og prat med veninna mi og søstera hennar og konserten var alle tiders. Trøkk frå ende til annan, og det med låtar frå så mange kjente filmar! Fire tidlege morgonar på jobb, herleg sykkelvêr sjølv om klokka var fem og seks (om morgonen, altså), ein av dagane var ordentleg effektiv og ein annan dag fekk eg endeleg vore i vatnet igjen etter veker utan svømming (stemne, møte, ferie og turnusfri). Liker framleis ikkje å stå opp så tidleg, men med solskin, ein del lesing, nytt strikkeprosjekt og ikkje minst ein svipptur til Oslo, må eg seie at dette har vore ei ganske god veke:

soloppgangen over teateret ein av morgonane då eg sykla til jobb
kanonbra filmmusikkonsert med Hans Zimmer og ensemblet hans
og eigentleg heile turen med hotellfrukost, fine folk og garntitting
det var koseleg å sjå at nokon skulle låne Anne frå Bjørkely (sett på bibliotekets hentehylle) 
morgonlyset ute då eg sykla til jobb
"Top 10 Small Details in Movie Musicals You Missed" – mellom anna frå kulaste Mary Poppins
blometre rett ved kaféen Coffeeberry og busstasjonen i Sandnes
sterk historie om internatlivet og fornorskingspolitikken i I for internatunge
den fine trepota pusen Rockee som nyleg blei eitt år 
kaffe latte, ei god bok og landskapet som fauk forbi medan toget tok meg til Oslo
jentetrio på toget som prata om korps og musikkinstrument
tre kjempesøte og hoppande små geitekillingar 
svømme 500 meter i bassenget
fortsetje å sjå på Drømmeslottet og eit par episodar av Heartstopper 
"Kven skal ut?" – ein viktig kommentar om russetida slik den no har blitt
nydeleg solnedgang over Jæren då eg tok toget heim i går kveld
at mannen min hadde laga taco til eg kom heim og at meg såg finalen i Kompani Lauritzen
Andrea lagar dei stiligaste animasjonane av filting, berre sjå her og her  
blikkstille vatn langs Sørlandsbanen
noko forutsigbar, men Hjem til mørket var no likevel ei spennande bok
å gå på bruktfunnjakt og finne så mykje fint som det Ida nyleg gjorde
Lappjævel er ei anna sterk bok om samisk kultur og den grusomme fornorskingspolitikken
heilt herleg å gå ein liten sundagstur i nærområdet med sola i andletet