10. des. 2018
Julebord i miniformat
Måndag er her, den andre i desember. Ute er det ikkje særskilt kvitt, det er lite som minner om at jula er rett rundt hjørnet. Likevel sit eg her og har ei kjensle av julestemning. To julekonsertar førre veke gjorde jo sitt, det same med all den flotte julemusikken på radioen og på spelelista mi på Spotify. Det lille julebordet på laurdag gjorde også noko med den kjensla. Så fint, koseleg og kjekt å sitje rundt eit pent, juledekka bord, prate, ete god middag, prate meir, le og høyre på roleg julemusikk i bakgrunnen. Ho eine av dei me var med, hadde delt inn H.C. Andersens Piken med svovelstikkene i seks delar slik at me alle las litt kvar. Eigentleg ganske koseleg med høgtlesing, og eg fekk den siste delen. Historia kjenner vel dei fleste, den er trist og rørande og det er vel inga overrasking at det hos meg rann nokre tårer. Ein herleg laurdagskveld med gode og fine vener!
Merkelapp
hygge,
mat og drikke
9. des. 2018
Ei ordentleg juleveke
Av og til kjennast det ut som om eg skriv det kvar sundag, men denne veka har verkeleg gått i eitt med to konsertar, eit lite julebord med to andre venepar, julekakebaking, to seinvakter, juleboklesing og julekortskriving. Puh. Men gøy er det jo :) Innimellom har me tatt oss tid til å senkje skuldrene med Brooklyn Nine Nine, julemusikk og me har kost oss med å høyre på ei lydbok (adventskalenderen frå meg til han er å høyre eit kapittel kvar dag frå lydbøkene Ongane i gadå, historier skrive av Ajax, som i si tid verkeleg fanga "det stavangerske"). Mange av julegåvene er i boks, men har framleis litt igjen der. Elles så blir også neste veke nokså travel med kinobesøk og ein liten tur til Oslo (nærmare bestemt eit døgn i hovudstaden). Og me feirar ti år som kjærastar! Den der tida – eg skjønner ikkje kor den er blitt av. Vel, vel. Det er på tide å avrunde veke 49:
✦ nytt favorittplagg: det gule ullskjørtet frå COS, veldig tøft saman med arvegodsgenseren
✦ julekonsert på onsdag med Sjøforsvarets musikkorps, Bjarte Hjelmeland og Gunnhild Sundli
✦ sjå den fine, klassiske julefilmen Holiday Affair
✦ diggar den nye filmen til Wes Anderson, den herlege animasjonsfilmen Isle of Dogs
✦ "All I Want For Christmas" carpool karaoke med James Corden og mange kjente artistar
✦ lite julebord med to venepar, kjempekoseleg med god mat, mykje herleg prat, latter og glede
✦ det lille juletreet me har ståande i skranken på jobb
✦ den aller vakraste juleboka, nemleg Snøsøsteren
✦ julehjarta rundt Breiavatnet
✦ katten som ikkje kan sove utan sin besteven
✦ lese ei akkurat passe søt julebok
✦ låne el-bilen og køyre litt rundt for å få unnagjort mange ærend
✦ høyre på lydbok saman, eit kapittel kvar kveld
✦ sende av garde ein haug med julekort
✦ og lese om julekortradisjonen til Synne
✦"Julestemning fra bildearkivet" – eit heilt blogginnlegg med herlege julebilete inne hos Et katteliv
✦ så kult å sjå Love Actually på storskjerm medan symfoniorkesteret spelte filmmusikken live
✦ og før me såg filmen: ete middag ute saman med nokon finingar
✦ alle julelysa rundt Breiavatnet, særskilt om kvelden
✦ ein Ted-talk om kvinner, utdanning og lese- og skrivekunne i arabiske land
✦ julekakebakeverksted med broremann

sundagsliste
7. des. 2018
Juleklem midt i sentrum
Om litt tar me bussen til sentrum der me skal ete på ein restaurant saman med nokon vener. Etterpå blir det Love Actually på storskjerm medan symfoniorkesteret speler filmmusikken. Så stilig! Tenkte difor at det passar med desse hjarta. Dei heng på eit tre nede ved Breiavatnet midt i byen, og sjølv om eg ofte synest hjartepynt blir litt mykje, er desse store hjartelysa akkurat passe no i juletida. Raude og fine, dei skaper julestemning og lyser opp når ein går rundt ned i byen.
Merkelapp
kvardag
5. des. 2018
Hint av jul
Kanskje litt tidleg å seie "god jul" allereie, desember er berre så vidt i gong. Men julepynten er tatt fram, og dei kvite bokstavane står no på sin faste plass. På skapet som høyrer til TV-møbelet saman med Wes Anderson-boka, biletet med lyfrekvensen frå Cinema Paradiso-temaet og den finaste trefiguren. Nissane, fuglen og katten, alle med små nisseluar, står også på sin faste plass no i desember. I dag blir det seinvakta på jobb og så julekonsert med Sjøforsvarets musikkorps.
Merkelapp
interiør og bustad
3. des. 2018
Juleboka med dei vakraste illustrasjonane og den finaste forteljinga
Dei aller fleste har vel fått med seg den nye boka Snøsøsteren, kalenderboka som har fått strålande kritikk, som har vore utseld frå forlaget og som allereie har blitt seld til fleire andre land. Eg tjuvstarta jula litt då eg las boka i midten av oktober, men det var då den var ledig på biblioteket; det var nemleg rett før populariteten tok av. Og for ei bok! Maja Lunde har skrive ei heilt nydeleg forteljing og Lisa Aisato har nok ein gong illustrert slik at boka omtrent blir levande.
Boka er delt inn i tjuefire kapittel, og den fungerer dimed som ein kalenderbok, eller med andre ord: den blir som ein adventskalender. Eg vil ikkje seie noko særskilt om handlinga i boka i fare for å røpe for mykje, men den er fin, sår, nydeleg, rørande og passar for alle sjølv om det er ein barnebok. No er kanskje ikkje eg den aller største fanen av mystiske element, men i denne samanhengen passar det. Tårene mine rann, og boka kan eg fint lese kvar einaste desember.

bøker
2. des. 2018
Sundag, desember og advent
Håper du til no har hatt ein fin sundag, den fyrste i advent. Her koser me oss med ei bok og presskannekaffi, julemusikken står på og eg byrjar å kjenne at jo, no er desember her. Veka har gått i eitt med fleire seinvakter på jobb, flotte frostmorgonar, juletapas med dei nærmaste kollegaene, bowling dagen etterpå med endå fleire frå jobb, lesing, gjensyn med Downton Abbey og meir lesing. Neste veke blir det julekonsert og sosial kveld, så det vil nok bli endå ei veke med mykje fint. Akkurat slik eg ønskjer desember skal vere – passe sosial og passe roleg, berre meg og ei bok. No i kveld blir det middag heime på Sola. Mange kjekke punkt i sundagslista rett under:
✦ viktig med ein kaffipause på kafé med noko søtt attåt
✦ bli veldig rørt og gråte til julespesialen (sesong fem) av Downton Abbey
✦ å endå ein gong oppdage (for meg) ny gatekunst midt i sentrum
✦ littegrann frost på eit blad ein av morgonane då eg var på veg til jobb
✦ bowling med jobben på ein heilt vanleg torsdag, og mitt lag vann ;)
✦ stilig idé til korleis ein kan lage lysestake av leire, funne inne hos Wonderwood
✦ når mannen pyntar til jul, blir det nissekonferanse på bordet i stova
✦ alltid kjekt å besøke Roald Dahls si verd, denne gongen ved å lese Georgs magiske medisin
✦ fin oppdekking og (på eit bilete litt lengre ned) mykje god mat då me hadde juletapas med jobben
✦ grisen Dragonlord som trur den er ein katt
✦ sjå Beauty & the Beast, den frå i fjor, for andre gong
✦ byrje på årets julekortskriving
✦ kamerastroppen som eg fann på denne Etsy-butikken
✦ lese ut Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født på ein kafé
✦ nydeleg soloppgang ved Mosvatnet som farga himmelen rosa
✦ frosten om morgonen
✦ UiS sin julekalender
✦ bruke ein av gjenbrukskjolane eg fann i Canada då eg skulle på juletapas på onsdag
✦ og apropos Canada: så digg å setje av tid til å mekke meir på fotoboka
✦ adventsstaken i kjøkkenvindauget er på plass

1. des. 2018
Songen eg alltid må høyre no når det er desember
No er den her. Vintermånaden. Julemånaden. Desember. Og ingen jul utan "Walking in the Air" med Aled Jones. Både den versjonen eg deler her og denne må eg høyre kvar gong kalenderen viser desember. Vakkert og nydeleg, reine vintermagien. I dag slappar me av heime, pyntar litt med julepynt og høyrer på julemusikk. Akkurat slik det skal vere den fyrste dagen i desember.
Merkelapp
musikk
Abonner på:
Innlegg (Atom)