Kvar månad les eg jo ei bok av Agatha Christie i samband med #readchristie-utfordringa. Og på NRK Nett-TV finn ein nett no også mange av Poirot-episodane med David Suchet i spissen. Lenge har me hatt dette puslespelet liggjande i skapet, og for ikkje lenge sidan var det jaggu meg på tide å finne det fram og pusle det i lag. Eit ekte Agatha Christie-puslespel full av små spor.
Alle detaljane! Ordentleg gøy å leggje dette puslespelet, prøve å finne så mange spor som mogleg – til dømes frå Fem små griser, Døden i flyet, Mord på Orientekspressen, 4.50 fra Paddington – sjå etter forskjelllige våpen, bilete frå Christies reiser og elles konstatere at taket er ganske likt det ekte taket i Christie-huset Greenway, berre sjå her frå turen vår der sommaren 2022. Eit puslespel heilt etter min smak, noko som kanskje ikkje ei stor overrasking sidan eg er Christie-fan ;)
Legg igjen ein fin tanke