Liten tur tilbake til London no når det regnar her i Siddisland i kveld. For London er aldri feil, tihi! Me var ein tur innom Leicester Square for ta bilete av nokre av dei mange kule filmstatuane som er der. Gene Kelly frå Singin' in the Rain, Mary Poppins og Charlie Chaplin fekk alle vere med heim på kameraet, for me var jo faktisk turistar ;) Choosing Keeping er framleis ein heilt nydeleg butikk full av flotte kontorvarer, og me åt god mat på restaurant før me tok T-bana tilbake til hotellet og la oss tidleg. Toget frå St Pancras gjekk nemleg altfor tidleg dagen etter, sånn heilt på tampen av juli.
24. mars 2026
Trall i regnet

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Legg igjen ein fin tanke