For all del, me spelte ikkje to heilt forskjellige konsertar, det var nemleg det same programmet både i går og i dag. Men me spelte på to heilt forskjellige lokasjonar, og det blei dimed likevel to ulike konsertar. Slike konserthelger er meir utmattande enn ein kanskje skulle tru, men gøy er det jo lell. Gøy er det også å lese alle Poirot sine funderingar og kommentarar i ein ordentleg klassikar (tenk om det enno gjekk an å køyre den originale Orientekspress-ruta). Nok å gjere på jobb med mykje varer som me skulle finne plass til og samstundes prøve å avrunde Mammut-salet. På fredag blei leilegheita vår lagt ut til sals, kjenner det er litt spennande og samtidig veldig greitt. Nett no dett regnet ned ute, eg kjenner dufta av nysteikte brød, og me er klare til å ta fatt på ei ny veke:
✦ okei, hugsar det meste av Mord på Orientekspressen, likevel er den kjekk å lese gong etter gong
✦ fleire gode lesestundar i lag med mannen min
✦ Finding Bear er oppfølgjaren til Den siste isbjørnen, og også denne rørte meg veldig mykje
✦ vårt nye salongteppe, ein fin duk og snøklokker i rullesteinvasen
✦ ha, ha, må le av desse klippa: "Top 10 Funniest Allo Allo Moments"
✦ filmkveld hos eit venepar med både strikking, litt snacks og prating
✦ og filmen me såg var Train Dreams, for ein stille og sårvakker film!
✦ vårlege boktips frå Miranda
✦ regndropar på ein gåsunge
✦ høg fuglesong dei dagane regnet ikkje har bøtta ned
✦ litt rart å sjå, men no ligg altså leilegheita ute på finn.no
✦ skal innrømme at det er stas å spele i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus
✦ kjekt at det kom ein del folk og høyrde på oss i konserthuset i går
✦ snøklokkene i hagen vår, tenk det
✦ to ordentlege søtnosar, ein katt og ein liten hund
✦ Zalo blei henta på måndag, men det er alltid artig å ha han på besøk
✦ sultne fiskar sett på tur i nærområdet, småhumra for meg sjølv der eg gjekk
✦ sollyset på sofaen
✦ Pavla Kurková lager heilt nydelege keramikkrus
✦ veneparet me såg film hos, har ein pus, og var ordentleg gira på å leike med eit garnnøste
✦ synest det er gøy å trille pallar av garde med jekketralla på jobb
✦ ei feelgood-bok som i mine auge også går i djupna: Pianisten ved fjellvannet


Legg igjen ein fin tanke