Joda, eg veit det ofte er mykje snakk om vêret, men altså, når det er sol, regn, blå himmel, vind og sludd om kvarandre, då kan eg ikkje la vere å nemne det. I dag har det rett og slett vore ein ordentleg innedag, men me var no ute og traska ein tur i går trass litt regn og sur vind om ikkje anna. Eg har hatt mi siste heile veke i butikken, og i morgon er min aller siste dag. Det blir rart, det skal eg innrømme, samstundes blir det godt med påskeferie før eg så er klar for nye utfordringar. Og på fredag selde me leilegheita. Gjekk for litt mindre enn me håpa, men det er overtaking om berre ein månad (digg) og alt i alt er det greitt å bli ferdige med heile opplegget. Jepp, det var vel vår veke. No er det altså ein dag igjen og sidan ein liten ferie, kanskje med litt påskekrim og påskequiz:
✦ bøker om bøker er alltid kjekke, denne gongen var det The Bookshop Book av Jen Campbell
✦ kulaste gjengen som kom for helse på oss då me var ute på tur i går
✦ nesten påskeferie✦ at det går an å lage kunst ved å bruke ein skrivemaskin: kulaste illustrasjonen av Radcliffe Camera
✦ selje leilegheita
✦ å lese eit kapittel i ei bok medan eg traska til jobb
✦ mars har vore veker med snøklokker i den vakre rullesteinvasen
✦ at det spirer i det me skal setje ut i pallekarmane
✦ vårleg morgonlys inn i huset, akkurat der eg har ei rekkje med fargerike klassikarar
✦ må vel innrømme at eg er litt hekta på Game Changers-serien, for eg las nyleg ut Role Model
✦ bøker som kjennest vårlege, Miranda har nok ein gong funne fram fleire bøker eg ønskjer å lese
✦ bli stoppa av ei eldre dame som syntest at det var artig å sjå meg lese medan eg gjekk til jobb
✦ på ein dag som starta
med snø (!!!), gjorde det litt ekstra godt å gå heim blå himmel
✦ kule puslespel som skulle ut i hylla på jobb (og det eine har me jo her heime, tihi)
✦ Olive er både søt og artig, berre sjå når ho skal lære high five
✦ å, dei der snøklokkene, saknar dei allereie no når det nærmar seg slutten av snøklokkesesongen
✦ sporvane som bada litt i ein dam
✦ slappe av med taco ein Poirot-episode
✦ gøy å endeleg vere i gong med The Picture of Dorian Gray i lag med Leseklubben
✦ godt å høyre dei små bølgene ute ved Jåttåvågen, berre beundre skjela og steinane
✦ betre seint enn aldri: å lese den moderne klassikaren Hamnet av Maggie O'Farrell


Legg igjen ein fin tanke