Kvar sundag seier eg til meg sjølv at eg skal byrje tidleg på sundagslista, men gong på gong blir det likevel ikkje heilt slik. Ja, ja, eg prøver no å vere effektiv når eg fyrst kjem i gong om ikkje anna. Her har det vore ei heilt vanleg veke. Dagane på jobb glir over i kvarandre, den eine er relativt lik den andre, og det går mykje i å prise varer og ekspedere kundar. Litt regn har det vore, men også ein del sol, noko som får meg til å smile både her heime og når eg er ute og går. Leilegheita er styla og fotografen var der på fredag, så no er det ikkje så lenge til før me legg den ut til sals. I går fekk me unnagjort nokre ærend medan det i dag har vore ein innedag, det var vel eigentleg det:
✦ boka Kilder til begeistring var ei herleg leseoppleving, og eg klagar aldri på ein lussekatt
✦ fuglane som song høgt i sky og solstrålane gjennom nokre tre ein tidleg morgon
✦ lese i lag fleire gongar i løpet av veka
✦ liten gåtur før jobb i lag med ei god veninne
✦ du må berre sjå denne dansen med Rose Ayling-Ellis og Giovanni Pernice
✦ sola som skein inn i gangen vår
✦ sundagskjensla med kaffi, noko søtt attåt og Miranda Mills si bok
✦ to små søte elefantar som elskar gjørmebad
✦ utdrag frå Anne of Green Gables i nemnde bok
✦ Helge Torvund har sampla tekstar frå Arne Garborg og laga diktsamlinga Der hegre stig
✦ i høve den internasjonale kvinnedagen: sjekk ut alle dei flotte bøkene frå Persephone Books
✦ notisbøker og pennar med nydelege mønster
✦ snøklokkene som eg ser overalt no!
✦ stikke innom bruktbutikken R:Elsk etter å ha vore på gjenvinningsstasjonen på Forus
✦ Yuumi lager fargerike, stilreine keramikkskåler og -gjenstandar
✦ temaet frå filmen Love Story var på radioen ein morgon
✦ høyre frå to forskjellige kundar på same dag at det var ein hyggeleg handel
✦ og skuggespel på golvet (er forresten framleis like glad i vår store, knallgule golvlampe)
✦ rart å sjå leilegheita vår styla i ein heilt annan stil enn det me sjølv ville ha valt
✦ kanskje eg no må sjå filmatiseringa av The Little Prince
✦ bra orkesterøving på tysdag, berre ei lita veke igjen til konsert
✦ og sukk, å gjenlese ei av dei vakraste bøkene var både rørande og så himla fint!



Legg igjen ein fin tanke