4. feb. 2026

Marble Sweater 2.0 💚







Tidleg i fjor byrja eg på ein ny Marble Sweater av PetiteKnit, strikka i ein tråd Confetti frå Lana Grossa. Den fyrste eg strikka kan du sjå bilete av her, då med ein tråd Naturgarn frå Viking Garn og ein tråd Fat Mohair frå Strikkefeber. Marble Sweater er eit kjappstrikka prosjekt sidan ein strikkar på veldig tjukke pinnar, og eg blei ferdig rett rundt påske. Men då eg skulle skylle genseren, blei den så tung på grunn av all vatnet at sjølv om eg løfta den forsiktig, endte den opp med å utvide seg kraftig. Både erma og bolen blei altfor store. Eg kunne jo ha prøvd å tove den, men å tove i vaskemaskin er ein eigen kunst som eg ikkje torde å teste. Huff, ei lita stund lurte eg på om eg hadde øydelagt den heilt. Sidan ein fellar av med italiensk avfelling som tar lengre tid enn vanleg avfelling, var eg lite gira på å ta opp alt og starte på nytt. Mamma og tante redda den ved å strikke delar på nytt og sidan strikke dei saman igjen, og dette er resultatet. Eg har gløymt å ta bilete av den, men med det kalde vêret som har vore her i Stavanger i det siste, har eg brukt den ein god del, og nyleg var eg ute på terrassen der mannen min tok bilete av meg i genseren. Diggar sjatteringane på dette garnet, fargane gjer meg rett og slett glad, og genseren er herleg god og mjuk!

Legg igjen ein fin tanke