Feira ikkje Valentinsdagen i går, men bollar til fastelavn må ein jo ha. Tihi, me har jo ofte laga dei sjølv, på svensk vis, i år blei det kjøpebollar. Det må jo vere lov når ein har besøk av både tobeinte, firbeinte og ein fjørball. Okei, ikkje samtidig, for fugl og katt går nok ikkje så godt i lag. Men me hadde Zalo her frå onsdag til i dag, og då Zalo var blitt henta, køyrde me av garde for å hente pusen Bolla. I tillegg har me hatt ei av niesene våre på besøk i helga, kjekt å sjå ho igjen og prate ein del med ho. På jobb har det rulla og gått i eitt, for i morgon byrjar Mammut-salet. I går byrja det å snø, så det var visst for tidleg å seie at vinteren var over og våren på veg. I alle fall sånn på ordentleg; eg håper snøen ikkje blir liggjande. No er det børstetid for pusen og sidan sengetid for oss:
✦ årets andre Christie-bok var Fru McGinty er død, og det er gøy å leggje eit ekte Christie-puslespel
✦ likte ikkje at det byrja å snø, men fint å sjå raustrupe og blåmeis i hagen
✦ rosa skydottar om morgonen
✦ ha Zalo på besøk, og så klart er han der med ein gong me skal ete, anten frukost eller middag ;)
✦ 24 flotte og unike country house hotel i Storbritannia, kunne sikkert ha overnatta på alle saman!
✦ lese eit par sider på veg til jobb fleire av dagane
✦ Zalo blei henta tidlegare i dag, og no passar me Bolla (kjent under Opus, men no altså Bolla)
✦ artig å lese Heated Rivalry, ein av årets snakkisar, etter at ein kollega sa at den måtte eg lese
✦ Tom Hiddleston som les høgt eit kjærleiksbrev Gerald Durrell skreiv til hans andre kone
✦ lese Mord på biblioteket, bok nummer to i Engel og Luna-serien
✦ plukke Mammut-bestillingar
✦ og dus morgonhimmel, for ein flott soloppgang treng ikkje alltid å vere like sterk
✦ når senterkontoret kjem innom med koselege kort og noko søtt attåt
✦ bra artikkel om REKO-ringen på Forus i Aftenbladet
✦ kveldssola på ein trapp ved jobb
✦ og same kveld: gylne solstrålar mellom trea
✦ laurdagstaco og halve Frankenstein-filme (den nye versjonen)
✦ liten gåtur i dag trass det slapsete føret
✦ Miranda deler koselege og hjartevarme bøker som passar perfekt til februar
✦ spele "Hitster" med niesa vår og kjekt å vere ei helg i lag med ho
✦ sjå Stylesmysteriet som no ligg ute på NRK Nett-TV
✦ juksa
litt i år, likevel var dei kjøpte semlorna veldig gode
✦ starte sundagen med å lese i lag


Legg igjen ein fin tanke