1. feb. 2026

Skarp vintersol og fleire vakre soloppgangar






I går var det januar, i dag er jaggu meg februar i gong. Denne siste januarveka har vore kald, i alle fall til Stavanger å vere (som eg også nemnde førre sundag), men det har vore opphald og eigentleg ganske fint. Kvardagsspasertur på tysdag og ein helgegåtur i går, for me må jo nytte sjansen medan vêret er bra. Kva anna har eg å fortelje? Tja, ikkje så mykje. Dagane på jobb går over i kvarandre, det er mykje prising, men eg får no auge på mange fine bøker. Eg koser meg med å finne bøker som eg ønskjer å lese (ikkje at det er bokmangel, altså, tvert i mot), me prøver stadig å ordne ting her i heimen, og me er godt i gong med eit nytt orkesterprosjekt. Fleire fine ting på lista denne gongen:
 
 ny kosekrimbok, nemleg Buried in a Good Book av Tamara Berry
✦ komme oss ut på ein tur i nabokommunen i går trass noko sur vind 
✦ hengje opp ein fuglematar rett utanfor stovevindauget, og i dag var det ein blåmeis som åt litt mat 
✦ "The Great New Year's Bake Off 2025/26" – gøy med eit gjensyn av tidlegare deltakarar
✦ roleg sundag med litt småpusling i heimen
✦ skjønner godt at Du eneste av Hilde Hagerup har fått mange gode meldingar, vondt og godt skrive
✦ den skarpe januarsola på ein liten spasertur i nabolaget
 litt av eit skuggespel på stoveveggen
✦ ein episode av "Min favorittmusikk" med Silje Lundblad, og det er fleire musikallåter 
✦ kaffi, lesing og knallgode kanel- og kardemommebollar kjøpt på REKO-ringen 
✦ høgtlesing av minnelappar, vår mimretradisjon over året som har gått 
✦ himmel i brann – tenk at eg kan gå ut på terrassen og nyte dette om og om igjen
✦ Grace Gillespie lagar heilt nydelege trykk, mellom anna av vårblomar 
✦ mønster i isen då me gjekk i Melsheia i går 
✦ starte eit par av morgonane med lesing foran omnen 
✦ kontakte meklar med tanke på sal av leilegheita 
✦ blei mykje lesing på orkesterøvinga, men me fekk no spelt litt også 
✦ halledussen, for ein skjønn minikvalp som blir passa på av ein fin katt
✦ vakre omslag på bøker blir eg aldri lei 
 gå til jobb og verkeleg beundre soloppgangen
✦ laurdagstaco og kjekk film 
 høyre kjærleikstemaet frå Love Story på radioen ein morgon
 Hulda Garborgs Sovande sorg var fyrste bok ut i mi eiga leseutfordring

Legg igjen ein fin tanke