Puslespel er ein akkurat passe avslappa aktivitet som me koser oss med å gjere i lag, kanskje særskilt no om vinteren når ein er meir inne. Helst motiv med 1000 brikker, men 500 er kjekt det også. Fordelen er at då veit ein at ein ikkje tar opp plassen på spisestovebordet altfor lenge ;)
London med snøfiller dalane ned, eg likte dette motivet med ein gong! Martin Schwartz har laga liknande bilete frå andre byar, til dømes Oslo og Stockholm, og eg kunne glatt ha pusla alle i serien. Både dei små på 500 og dei store på 1000 brikker. Men det får bli seinare. Diggar måten han har sett saman byen på, han har fått plass til kjente og kjære bygg og attraksjonar ved sidan av kvarandre sjølv om byane ikkje naudsynt ser akkurat slik ut. Gøy å studere alle detaljane, og i puslespeleska følg det med ein liten plakat som viser kva bygg som er kva viss ein skulle vere usikker.
Legg igjen ein fin tanke