10. feb. 2026

Fuglar på terrassen





Blåmeisene som fyk til og frå fuglemataren for å hente seg litt godt. For ei dryk veke sidan, henta me ei pakke frå Kitch'n. Me hadde nemleg eit gåvekort som var i ferd med å gå ut, og endeleg fann me noko å bruke det på. I pakka var det ei lita steikepanne, eit par store kronelys og ein flott fuglematar. Det tok nokre dagar frå den var oppe til fuglane byrja å komme, men no er både blå- og kjøtmeisene her kvar dag. Raudstrupen sit ofte i hekken, men er foreløpig litt for sjenert til å hente mat frå veggen. Me sit innimellom begge to og berre tittar, koseleg å ha dette rett utanfor stovevindauget.

Legg igjen ein fin tanke