Fuglebesøk førre veke, denne veka har me hatt ein katt på besøk. Fyrst Zalobesøk, så Bollabesøk, to som kanskje ikkje går så godt i lag, men som er veldig fine kvar for seg ;) Kan ikkje laga ei sundagsliste utan å nemne vêret, for denne veka har det vore både snø, torden og lyn på ein og same dag, me har kjent sola varme, regn på ruta, og gradestokken har vist både varme- og kuldegradar. Håper dette var siste periode med snø for vinteren! Kjenner eg har litt høge skuldre for tida, for det er travelt nok på jobb med Mammut-salet i tillegg til at me no skal måle leilegheita for sal. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det er likevel nok til at det er vanskeleg å slappe heilt av. Men eg prioriterer gode lesestunder kvar dag likevel, tar vare på punkta som lyser opp ein snøtung dag:
✦ storkoser meg med å lese klassikarar, og North and South av Elizabeth Gaskell
✦ tihi, fuglepassarar førre veke, kattepassarar denne veka – Bolla er ein kjempeflott katt
✦ snøklokke, ei lita snøklokke!
✦ stadig ei lita kvardagsglede å sitje foran omnen om morgonane med bok og pledd
✦ kule og søte figurar i keramikk, laga av Jenni Orvokki
✦ blå himmel, morgonsol og eit lite hint av snø på hustaka
✦ kvardagstur med ei veninne
✦ roseblad, det var asfaltfint på ein dag som regna vekk
✦ lite tilbakeblikk på den alltid nusselege Haru
✦ sjå ein ny episode av Grantchester
✦ trass lite motivasjon, var det bra at me fekk gjort eit par småting i leilegheita i dag
✦ februarboka i mi eiga leseutfordring var De vaabenløse av Nini Roll Anker frå 1912
✦ så herleg å gå tur i nærområdet i går då sola faktisk varma
✦ trass snø: framleis kjekt å sjå fuglane ute i hagen, både meisane og raudstrupen
✦ høyre "Superstar" frå ein av dei kulaste musikalane på radioen ein morgon
✦ morgonane er lysare, men fekk no auge på ein dus soloppgang på veg til jobb ein av dagane
✦ og morgonlyset på trea
✦ å, så fint å høyre heile to nye songar frå The Swell Season
✦ få høyre av ein kunde at det var hyggeleg å kjøpe av meg
✦ scones med pistasjkrem, nykokt kaffi og lesestund
✦ joda, eg veit det er ei flaske og den ikkje bør vere ute, likevel kult med kongeblått mot alt det kvite
✦ les ikkje mykje lyrikk, men likte desse utvalde dikta av Wisława Szymborska


Legg igjen ein fin tanke