31. aug. 2025

Aller siste rest av seinsommaren






Visste du at Flåklypa Grand Prix er heile femti år i år? Å runde av veka med å sjå den på stort lerret medan Stavanger symfoniorkester spelte musikken live, var storslått! Og for ein jobb som er blitt gjort med å skrive ned den ikoniske musikken til Bent Fabricius-Bjerre – for notane fanst ikkje og er dimed nyskrive til denne filmkonserten! Il Tempo Gigante stod i foajeen, og Remo Caprino prata litt om filmens historie. Her i heimen byrjar i alle fall gjesterommet å sjå kaotisk ut, for me har så vidt byrja å pakke ned i flytteesker. Det er ein stor jobb, og det er greitt å ta det litt etter litt. Me sa "ha det" til Pippin utpå kveldenpå  torsdag, for då fekk han flytte til ei som har meir piggsvinerfaring. Likevel, dette var noko me har lyst til å gjere igjen (og hagen vår skal i alle fall vere piggsvinvenleg). Tja, eg tenkjer resten av veka får vere i små og store punkt, litt sånn stykkevis og delt:
 
Angela Hardings nydelege illustrasjonar i Summer's Hum (og gjett om eg er glad i lundefuglen?!) 
få oppleve Flåklypa Grand Prix in Concert no i ettermiddag
siste rest av augustsola om kvelden då eg sykla heim frå jobb
sukkersøt, liten kattunge som etter kvart sovnar ved sidan av ein mykje større hund 
å sjå etter små blomar langs jobbvegen når ein del av verda går av hengslene
lese Sam Selvons Calypso in London
lunsj og kaffigodt heime på Sola i går, og så klart blei det boligsnakk :) 
diggar Lovi sine kreasjonar av tre
dufta av heimebakt brød
lyseblå hortensia 
prate om Canada, PEI og Anne of Green Gables med to kundar på to forskjellige dagar
å kunne lese litt på veg til jobb
sjarmerande Olive hadde nettopp bursdag, og her er ein liten kavalkade
stilige formar ved Våland kolonihage
raudstrupe på ein benk ved Mosvatnet
"Top 10 Fastest Broadway Songs Ever" –  mykje herleg på denne lista
koseleg å ta ein liten prat med ei veninne som stakk innom jobben ein av dagane
alltid flott i blått, og blått er jo heilt rått!
Inger Lise Hope med ein nydeleg versjon av songen "My Hometown" (aka. Stavanger)
siste dagane med Pippin før han fekk komme til ein meir piggsvinvenleg heim
lage ei miniutstilling av bøkene i Torsdagsmordklubben, for no er filmen på Netflix
tilbakeblikk på ein koseleg kafétur på Lindisfarne med boka A Summer to Remember

28. aug. 2025

Boekhandel Dominicanen





For ein unik og heilt nydeleg bokhandel, kan ikkje alle butikkar sjå slik ut?! Mellom Aaachen og Maastricht, er det berre ein times tid med bussen, så me tok rett og slett ein dagstur dit på vår andre dag i grensebyen. Boekhandel Dominicanen er fleire gongar kåra til verdas flottaste bokhandel i diverse kåringar, og det er ikkje vanskeleg å skjønne kvifor! For to hundre år sidan mista katedralen sin heilage funksjon, og i 2006 blei den gjort om til ein bokhandel. Her kan ein finne kjente og kjære klassikarar, brukte bøker og nye bøker, vakre kort, LP-plater og generelt stæsj for alle bokelskarar.
 




Inst i katedralen, er det ein kafé, og noko av det fyrste me gjorde, var å setje oss ned for å nyte ein limonade kvar. Ute var det ordentleg sommar, og det gjorde godt å kjøle oss ned med noko kaldt å drikke. Etterpå gjekk me rundt og berre såg, ei ganske god stund. For det var mykje å sjå på, alle bøkene og detaljane, og berre det å ta inn atmosfæren inne i bokhandelen, var ei oppleving i seg sjølv. Om du nokon gong er i Maastricht – eller i nærleiken av byen – er dette plassen å besøke!

26. aug. 2025

Pausestunder


Pust i bakken. Ein pause. Å gå ein liten tur ved Mosvatnet, ta fram lesebrettet og lese nokre sider. Sundagslesing ute på balkongen medan det framleis er sommar. Litt is og kaffi attåt. Strikketid inne om kveldane. Høyre på roleg musikk. Sende ei melding til ei god veninne. Vekene etter ferien har på ein måte vore travle, og med huskjøp på toppen, kjenner eg at eg slit med å senke skuldrene.
 


Spasertur rundt Vannassen her om dagen. Kjem til å sakne å sitje der med ei bok i fanget, for når me etter kvart flyttar, er ikkje dette vatnet like tilgjengeleg. Forhåpentleg finn eg ein ny plass som kan vere ein stad der eg kan sitje og berre la tankane fare. La sidene fyke av garde. Ikkje bokstaveleg altså, men som i at eg les side etter side fordi boka er så bra. Fordi eg treng å lese, treng å ta ein pause. Eg prøver å ta vare på alle desse små stundene no når eg føler eg ikkje heng heilt med.

24. aug. 2025

Plutseleg eit huskjøp






Okei, eg veit nesten ikkje kor eg skal starte når eg no skal oppsummere veka med ei sundagsliste. For på onsdag fekk me plutseleg eit piggsvin i hus (mannen min fann eit lite piggsvin aleine ute, og dei skal ein ikkje gå frå), og på fredag hadde me plutseleg kjøpt ein tomannsbustad. Og så jobba eg i går, og har dimed berre hatt i dag på å prøve å roe ned tempoet. Kjenner framleis at hovudet ikkje er heilt med, det skal eg ærleg innrømme, for sjølv om det er stor stas, er det mykje som skal gjerast før me flyttar, og me har faktisk ikkje ledige helger i heile oktober. Men me kjem vel i mål til slutt. Puh, det gjeld å finne små pusterom innimellom, slik som i går då eg fekk ei god veninne på besøk og me prata og strikka i fleire timar. Kjempekoseleg! Med det er det på tide å leggje ut lista slik eg ofte gjer:
 
Carley Fortunes One Golden Summer frå den kanadiske kysten, var ei ordentleg kjekk sommarbok
lille Pippin, me veit jo ikkje om me klarer å fø den, men for eit supernusseleg piggsvin
utruleg koseleg å ete pizza, prate, strikke og sjå film i lag med ei av mine beste veninner i går 
for ein nydeleg versjon av "Come What May" frå filmen Moulin Rouge
lesestund ute på ein benk ved eit lite vatn
frå britiske Cotswold, The Telephone Box Library var ei bok eg synest var akkurat passe herleg
kveldshimmelen
og kveldssola ved naboblokka
kjekt å høyre frå både Miranda og Donna i denne vloggen 
sjå ferdig Dept. Q på Netflix, kjempespennande serie basert på Jussi Adler-Olsen sine bøker
litt annleis bok enn det eg pleier å lese: Syv meninger med livet av Thomas Hylland Eriksen
kule puslespel
blålilla blomar sett på veg til jobb 
eit litt stilig bygg mot ein augustblå himmel
skuggespel på bakken
Vannassen no om seinsommaren
tihi, den lille flodhesten Mars er berre så artig 
sjekk ut det søte piggsvinbokmerket
og plutseleg, rett før helga, hadde me kjøpt oss hus!
etter ei travel veke, gjorde det godt med kaffi, is og sundagslesing ute på balkongen

22. aug. 2025

"Edelweiss, edelweiss under snøen du kviler..." 🎶






For ein kjekk helgetur eg hadde i helga i lag med to kjekke personar! Eg tok bussen til byen og sidan til Sokn bussterminal der me tre kjørte i lag i retning Stord og Bømlo. Breiavatnet med si skinande fontene og busslesing med landleg utsikt, eg klaga ikkje. Overfarta over Boknafjorden var bra, og eg klaga heller ikkje på selskapet (gøy å syngje musikalsongar i bilen!). Me hadde tinga ein musikalpakke på Stord Hotell, noko som vil seie at det mellom anna var trerettars middag var inkludert. Før middagen, las me alle litt i kvar vår bok på hotellrommet og tok oss eit bad ved Vikjo bad. Til middag åt eg ceviche til forrett (ikkje heilt min favoritt, men utfordra meg sjølv), veldig god vegetarburgar av avokado og edamamebønner, og til dessert valde eg kvit sjokoladeganache med youzu, sitroncoulis og peppermarengs. Nam, den var ordentleg herleg og forfriskande!
 







Jepp, eg er ho som lager eit miniprogram ut frå det digitale programmet for å ta biletet av det, musikalnerd på høgt nivå, tihi ;) Me skifta om til varmare klede før me drog til Moster Amfi, for det er ei utandørs scene. For min del var det tredje gong eg såg The Sound of Music på ei scene. Filmen har eg sett mange fleire gongar, songane kan eg utanat, og det var rett og slett utruleg stas å sjå musikalen på nynorsk. Stas var det også å få lov til å komme inn ved scena litt før dei andre sidan veninna mi har ei søster som jobbar ved teateret. Når det gjeld sjølve oppsettinga, så verkeleg strålte Frøy Hovland Holtbakk som Maria og Preben Hodnelands tolking av kapteinen var ypperleg der me fekk skjå korleis kapteinen gjekk frå å vere strikt til å bli ein varmare person (og songen "Edelweiss", altså). Espen Hana var akkurat passe slesk og morosam som Max Detweiler, Karoline Krüger like passe kald og elegant som Elsa Schraeder og Eir Inderhaug som abbedissa fekk auga til å bli blanke då me fekk høyre "Gå eigne vegar" ("Climb Ev’ry Mountain"). Å sitje ute i seinsommarkvelden og få med oss dette, var ei unik oppleving, med alle dei kjente kjære songane midt i det tunge bakteppet som var andre verdskrigen, og eg må også skryte av musikarane, kostyma, kulissane, produksjonsteamet og Bømlo Teater, dette var kanonbra! Alltid fint å vere tilbake på Bømlo, så mange flotte minne! For folkehøgskuleåret der ute vil alltid vere med meg.
 
"Edelweiss, edelweiss under snøen du kviler
Blyg og var, kvit og klar
Du mot vårsola smiler
Vakraste snøblome; veks og bløm, veks og bløm i æva
Edelweiss, edelweiss sign oss her me vil leva"
(gjendikta av Runa Våge Krukhaug og Preben Hodneland)

19. aug. 2025

Grensebyen Aachen







For ja, begge dagane me hadde i Aachen, drog me i tillegg til andre byar i andre land. Fyrst var det Drielandenpunt og Vaals, og neste dag drog me til Maastricht (Nederland). Det var ein heilt spesiell grunn til at me (les: eg) ville dit, og bileta frå den svippturen kjem etter kvart, eg lover :) Men me fekk no tid til å gå litt i Aachen også, sjå på dei gamle bygga (stilig å sjå den store sandkassa som var laga til foran rådhuset), ta eit postkortbilete av Karlsbrunnen, ete lett middag og ta ein tur innom termalbadet Carolus. Så verdt besøket med kalde og varme basseng, straum og sterke fossedusjar!
 






Skulpturar, folk i gatene, stor iskaffi, middag på ein kjekk restaurant, pastellfarga bygg med eføy på og kveldssola som laga skuggespel høgt og lågt. Ein ny by som me oppdaga og utforska i lag.