16. okt. 2024

Å vandre litt i Cambridge




Cambridge er kjent for sine mange college, og det kjente Cambrigde University er delt inn i 31 forskjellige college der mange av dei er gamle bygg med internat der studentane bur. Trinity College er eit av dei mest kjente, men meir om det sidan – me hadde nemleg tinga ei guida omvisning der dagen etterpå. Tok som nemnt bussen tilbake etter å ha vore i Grantchester, gjekk litt rundt i sentrum, og me stoppa opp for å beundre Christ's College, delar av det likna eit lite slott! Klokka var også ganske fascinerande. Raude bussar er forresten eit vanleg, britisk syn, eller kva?! ;)


Bokhandlar som dette, eg blir aldri lei. Kjekt å sjå stilige puslespel og ei heilt eiga bokhylle med bøkene av Agatha Christie. Traska litt meir i sentrum, gjennom Parker's Piece og sidan tok me ein roleg kveld sidan me begge var litt forkjøla. Heilt greitt å ta det med ro på ferie. I alle fall litt.

Legg igjen ein fin tanke