16. sep. 2024

Glamping i Telemark


To magiske solnedgangar på rad, for også frå Oslo og vidare til Lunde i Telemark, var det eit lysshow utan like på himmelen. Fuglar flaug i formasjon høgt der oppe medan sola gjekk ned bak fjella.


Som nemnt hadde eg fått eit opplevingsgåvekort til jul på glamping og alpakkavandring frå mannen min. Me køyrde frå Oslo rett musikalen, stoppa i Notodden for middag og var framme ved Svenseid alpakka rett rundt åtte om kvelden. Det var allereie ganske mørkt ute, men me fekk likevel eit lite glimt av dei søte alpakkaane. Inne i teltet pakka me oss godt inn i teppe, sette på både små og store ledlys og slappa av med kvar vår bok, høyrde alpakkaane traske ute. Riktig roleg og koseleg kveld.




Sov godt inne i det store teltet, og då morgonen kom, kokte me egg og kaffi ute. Åt sjølve frukosten ute på plattingen, men det var litt småkaldt, så me tok med oss resten av kaffien inn i teltet, pakka oss nok ein gong inn i teppe og las vidare. God og mjuk start på dagen før alpakkavandring kl. elleve.

15. sep. 2024

Himmelfallen i ord og bilete




Sundagshelsing frå Stavanger. Eigentleg lite nytt frå denne fronten, det har vore ei heilt vanleg jobbveke og no i helga har me hatt få planar. Regnet har vore av og på, av og på gjennom heile veka, og ein av dagane var det jaggu meg godt eg hadde regntøy på meg, for då eg kom fram til jobb, var eg regntøyet ganske så vått. Lesing både morgon og kveld, og som vanleg er det vanskeleg å halde meg berre til ei bok om gongen ;) Fredag etter jobb var med i Sandnes for eit par ærend og me stakk innom IKEA i tillegg. Alltid gøy å sjå på utstillingane sjølv om me ikkje treng noko, det er liksom noko med å berre sjå og kanskje få litt inspirasjon. I går var me på Sola for laurdagspizza og brettspel, og ei tante av oss var også der – superkoseleg å prate litt med ho! Så kom plutseleg sundag, snart er plutseleg måndag her. Skal fatte meg i kortheit og set over til oppsummeringa:
 
å gjenlese Anne-serien, er som å komme heim, og Anne of Ingleside er den sjette i rekkja 
bittesmå forglemmegei i nabolaget
spele "Imagine" i lag med familien i går
David Tennant som uttaler eit laaangt walisisk stadsnamn, og Michael Sheen er faktisk imponert
regn på ruta ute, lesing inne
porsjonspizza steikt i pizzaomn, kan ikkje klage på det
Selznicks bok Himmelfallen er utruleg fin, ein roman i ord og bilete (han lagte også Hugo)
frå jobb: flotte motiv på diverse notisbøker
når ein liten pus er så liten som denne og vil vere med ein mykje større hund 
når eg fyrst tar bussen til jobb, er det kjekt å lese på busshaldeplassen
sjå den nyaste episoden av Eventyrlig oppussing, og fy flate, så kul den tunnelen blei!  
prate med ein kunde og finne ut at me hadde veldig lik litteratursmak
hatt songane frå Jesus Christ Superstar på hjernen, mellom anna "En himmelsk ønskedrøm"
prate litt med tanta vår som var på besøk på Sola (ho bur i Åsgårdstrand)
strikking og sesongpremieren på Slow Horses
lukta av nysteikt brød på tampen av sundagen
ny vlog frå Miranda, alltid så koseleg å høyre om bøker og sjå kva ho har vore ute på 
og eg fekk veldig lyst til å ein gong oppleve Wardlow Mires Pottery & Food Festival
gulaste og kulaste Vespaen, sett rett ved jobben min
illustrasjonane i Himmelfallen er heilt unike
septemberboka i #readchristie2024: Døde spor, eller Ordeal by Innocence på originalspråket

14. sep. 2024

Ikkje berre ein musikal






Men eigentleg ein opera sidan det berre er song og ikkje dialog. Ein ekte rockeopera, for det er ikkje mykje vanleg operapreg over Jesus Christ Superstar. Eg skal ikkje skrive for mykje om sjølve musikalen, det har eg nemleg gjort fleire gongar før, mellom anna i dette innlegget, men så mykje kan eg seie at det er denne musikalen som sånn sett har vore med meg lengst i livet. For mange er det filmen frå 1973 med Ted Neeley i hovudrolla som er den utgåva av musikalen dei liker best, for meg vil det alltid vere konseptalbumet frå 1970. Jesus Christ Superstar, komponert av Andrew Llloyd Webber og med tekst av Tim Rice, byrja nemleg som eit konseptalbum, og Ian Gillian, Murray Head og Yvonne Elliman er i mine auge (eller øyre) denne rockeoperaens stemmer.

Billettane til musikalen blei tinga i desember i fjor, før ein i det heile tatt visste kven som skulle spele dei ledande rollene. I etterkant har det vore ein del snakk om kvifor Aksel Hennie, heilt utan musikalbakgrunn, blei tildelt rolla som Jesus, og eg skal innrømme at eg var litt skeptisk sjølv. Men uansett, i denne musikalen er det Judas som er den viktigaste rolla. Og gurimalla, det var gåsehudfaktor allereie då Jeppe Beck Laursen (altså Judas) song "En slags himmelsk ønskedrøm" ("Heaven on Their Minds")! Me syntest begge at den minimalistiske scenografien var råtøff, kong Herodes sin song med Bjarte Tjøstheim som Herodes var herleg overdriven, og eg likte faktisk Aksel Hennie som Jesus. Å, heilt utruleg stas å endeleg få sett denne musikalen på ei stor scene! Med Miss Saigon i fjor, var det jubileum sidan det var den tiande musikalen eg såg på Folketeateret. Jesus Christ Superstar var dimed den ellevte, heilt ypperleg produsert av Scenekvelder. Ein selfie og to i fotokiosken blei det, og me måtte så vidt han som speler trommer på musikalen. Alltid litt gøy å ha juble ekstra når orkesteret kjem på scena for applaus sidan han og eg gjekk i same klasse på vidaregåande. Bur du i Oslo, berre må du få med deg denne klassikaren av ein musikal. Eller opera ;) Før musikalen, fekk me tid til å vandre i Bogstadveien der det var bilfri dag med mange buer og yrande folkeliv. Det kjekkaste var å vandre til ei sidegate og besøke Oslo Keramikkverksted. Litt rolegare tempo og så mykje fint i den verkstaden! Lunsj og kaffipause på Northland før musikalen var det også tid til. Helgeglede nokre timar i Noregs hovudstad ein laurdag i september.

12. sep. 2024

Sundvolden Hotel



På Austlandet var det tydeleg at hausten var komme lengre enn her, for langs vegen såg me mykje haustlauv i flotte fargar. Og meir av den heilt nydelege kveldshimmelen! I staden for å bu midt i Oslo, hadde me tinga overnatting på Sundvolden Hotel, omtrent førti minutt unna sentrum.
 

Stort og flott hotellrom, og sjølv om me var litt slitne etter reisinga, sat me ei stund i baren. Fjordsideren var knallgod, me slappa av med kva vår bok, og eg tok nokre bilete av interiøret (hallo, bokhyllene i det eine rommet og det blå lyset rett ved baren). Hotellet går tilbake heilt til 1648, då som gjestgivargard. I dag er det ein del av De Historiske, det er fleire bygg med både spa og konferansesenter, ja, generelt mykje større enn det eg hadde fått med meg før me kom dit. Etter 22. juli var hotellet også ein opphaldstad og møteplass for overlevande og pårørande. Å, den grøne, gamle trappa var superfin, her var det liksom gammalt og nytt om kvarandre.




Frukosten dagen etterpå var ypperleg, og sidan me hadde god tid, utforska me hotellområdet endå litt meir. Sjølv med morgontåke, kunne ein sjå at dette er ein fin plass med lune sitjeplassar ute og eit hotell med historisk sus trass alle nybygga. Og før klokka var halv elleve, drog me vidare.

11. sep. 2024

French Horn i Alton




Jada, eg veit at det blir ein del hopping fram og tilbake i tid, men eg ønskjer å dele meir frå togturen vår. Ein tur det er veldig kjekt å sjå tilbake på no når hausten er her med regntunge dagar. Etter å ha vore på damplokomotivtur tur-retur Alton-Alresford, var det å finne fram til overnattingsplassen. French Horn er ein gastropub med sengeplass og ligg litt utanfor bykjernen (men veldig nært vårt neste stopp, eit ekte, litterært stopp), og me tok difor ein lokalbuss ut dit. Ein veldig okei plass med koseleg rom og ein liten hage der me drakk kaffi, åt noko søtt attåt og las i kvar vår bok (og utpå kvelden smakte me så vidt på den gode konfekten som eg kjøpte i Alresford). Ei due over hustaket, og ettermiddagssola som skein inn gjennom døra og laga skuggespel på veggen, ein roleg plass.









Resten av kvelden var utan planar. Middag måtte me, så me traska inn mot sentrum. Før me var framme, gjekk me innom ein park, og der sat me ei lita stund og las ved ein paviljong. Ordentleg avslappande å berre sitje der i ettermiddagssola og berre lese side etter side. Kom oss ti slutt vidare. Som her i landet, er ikkje alt ope på ein sundag, eller så har dei har kortare opningstid, så den plassen me hadde sett oss ut med tanke på middag, var allereie stengd. Fann ein annan plass like ved der det blei ein god pizza. Etterpå gjekk me berre litt rundt og såg på byen. Lyset om kvelden altså, sukk. Blomar ved eit gjerde, blomar i blomekasse på husveggen, små hagegnomar og figurar og den generelt koselege, britiske stilen – kunne fint ha hatt ein heil dag i Alton.