Julemusikken er på, me har tente lys på bordet og roa har senka seg litt etter helga. Keisamt å stå opp halv seks, men det har no vore ein grei dag. Minus seks gradar ute då eg sykla i dag tidleg, vindstille og flott. Kjenner at vinteren snart er her, og viss neste månad byr på like mykje lesetid og gode bøker som det november har, skal eg ikkje klage. Ei av bøkene me fann på eit av antikvariata i Tvedestrand, var Aukrusts Tre små venner. Å, for ein fantasi han hadde, og for ein herleg måte å skrive på! Veit ikkje om eg fekk heilt taket på han der Nystumoen, men Solan Gundersen og skjønnaste Ludvig, dei er to karakterar ein fort blir glad i. Ein småhumrar av kjepphøge Solan og ein føler med Ludvig som er av den litt meir engstelege typen. Berre høyr her: "Han kom i høstregnet og banket på. Vandreren kalte seg Ludvig. Han søkte ly for natta. Det var ikke værendes ute. Jeg tok framtoningen i nærmere øyesyn. Hvor på kloden kom nå denne fremmedkaren fra? Ludvig strøk nesedråpen vekk og pekte desorientert ut i kølsvarte høstnatta: Han hadde tatt av tel venstre han, under en røten skigard på Prestenget - Kunne han bare få smette inn under et takskjegg som lå i lé, skulle han saktens greie seg." (s. 169). For ei herleg bok, vil verkeleg lese meir av Aukrust!
Herleg og artig var også boka The Boyfriend Material: "These weren't yeah whatever kisses. They weren't take it or leave it, get your coat you've pulled kisses. They were everything thought I could never have, everything I'd been pretending I never wanted, telling me that I was worth it, that he'd be there for me and put up with me, and wouldn't let me drive him away." (s. 236). Nei, no har eg sete ei stund foran dataen, skal lese litt før eg sovnar og prøve å la vere å tenkje på at det er snø ute.