✦ stearinlys, hauststemning og Nattergalen av Kristin Hannah
✦ skjønnaste Coco, alltid like sjarmerande (og veldig søt som ein trøyttnos)
✦ spele "Takenoko" og ete knallgod is frå lokale Delizia ein kveld i lag med broremann
✦ Markéta Irglová er i gong med å spele inn eit nytt album
✦ i gong med å øve til Nøtteknekkeren i lag med orkesteret
✦ Bailey som helser på ein liten hundekvalp
✦ har byrja å sjå kosekrimserien Hetty Wainthropp Investigates
✦ bra, effektivt og koseleg lunsjmøte på jobben
✦ og her finn du gode tips til fleire britiske krimseriar
✦ bruktbøker er alltid ei lita og viktig glede
✦ godt i gong med å strikke det fyrste ermet på genseren til mannen min
✦ finaste Bianco, du var ein heilt spesiell pus og eg blir rørt når eg les dette innlegget
✦ vere med ein ven på køyretur der me drakk kaffi, innom diverse butikkar og praten gjekk i eitt
✦ om du ikkje har høyrt det enno, må du høyre Bjørn Tomrens fyrste song i Stjernekamp-finalen
✦ og veldig gøy at han vann heile sulamitten – heia Tomrefjord!
✦ me var også innom ein blomebutikk der eg såg blå delfinium som eg hadde i brudebuketten
✦ kanskje ikkje Moyes si sterkaste bok, men Når hvalene synger var no fin på sitt vis
✦ verdas skjønnaste piggsvin finn du her
✦ Blikket av Oskar Stein Bjørlykke var denne månadens novellesamling
✦ knallraudt haustlauv på ein vegg på veg til jobb