Sju dagar, dei sju siste dagane i februar og med det dei aller siste dagane av vinteren. I morgon er mars her og våren er offisielt i gong. Eg merkar at dagane blir lysare og det byrjar å bli varmare, generelt har dette vore ei veldig god veke. Hadde ein episode der eg kjente at eg var sosialt utilpass på butikken i går, men det har me vel alle opplevd i løpet av det siste året. Mange timar med kaffi og lesing, greie dagar på jobb og plutseleg få eit lite kaffibesøk av finingar i går og vere på kaffibesøk i dag. Glede i små ting – eg tar alt eg får når me no går inn i mars og det faktisk er eitt år sidan heile landet stengde ned. Rart å tenkje på at me på dette tidspunktet i fjor ikkje skjønte kva me kom til å oppleve, kva som kom til å skje. Men nok om det for denne gongen. Som eg skreiv heilt øvst i innlegget, har dette vore ei finfin veke, berre sjekk ut alle dei kjekke punkta:
✦ stikke innom Romsøes Conditori for å kjøpe knallgode fredagsmakronar
✦ sundagskaffi, spelet "Decrypto" og finaste Zalo heime hos mamma og pappa
✦ Josh Groban og Sara Bareilles som syng den nydelege songen "Both Sides Now"
✦ akkurat passe med forviklingar, humor og søt musikk i boka Written in the Stars
✦ gå sundagstur på Storhaug, nyte byutsikta med knallblå himmel
✦ fargerik blokk midt i byen
✦ majestetisk hus fullt av eføy
✦ regn på ruta ute og ei bok i fanget inne
✦ morgonstunder med kaffi, bok og klassisk musikk
✦ vikarar som lager lappar på jobb for at me skal kunne kose oss litt ekstra på kveldsvakta
✦ laurdagstaco og spionkomedien The Man from U.N.C.L.E
✦ meir sol og lysare dagar
✦ fin og rørande kjærleikshistorie midt i ein pandemi
✦ byrje å sjå Mord i paradis, all den herlege britiske humoren
✦ flott katt på vakt ved ei lita bru på veg til jobben ein dag
✦ har delt denne før, men den er like morosam enno: togturen "Rock Island" frå The Music Man
✦ ny sesong av Mysteria i Brokenwood på NRK Nett-TV
✦ må få til å stikke innom Doughnut Worry i byen ein dag
✦ lite kaffibesøk utpå ettermiddagen i går av eit venepar me ikkje har sett sidan desember
✦ sukkersøte og sjarmerande Oscar
✦ Kjæreste Emmie er foreløpig ei av dei søtaste, mest rørande og beste bøkene i bokåret 2021