23. sep. 2020

Storslåtte Aurlandsfjellet


No byrjar me å nærme oss slutten på årets bilferiesommar i Noreg. Det har vore kjekt å fordele innlegga utover seinsommaren og hausten, ikkje stresse, men heller bruke tid og kose meg med å sjå tilbake på alt det flotte me opplevde. Etter at me hadde gått rundturen Vindhellavegen-Sverrestigen, sette me snuten mot Aurland. Raskaste vegen er jo gjennom Lærdalstunnelen, men me valde å køyre om den nasjonale turistvegen Aurlandsfjellet. Me har køyrt der ein gong før, nemleg for fire år sidan, men det var andre vegen (frå sør til nord). Bratt og svingete, men for ein storslått natur. Ein av plassane me stoppa, var ved Vedahaugane. Her kan ein blant anna oppleve installasjonen "Den – hiet på Aurlandsfjellet". Bjørnehiet er det kunstnaren Mark Dion som står bak, og det var ei spesiell kjensle å gå inn i det mørke og noko kalde hiet, berre stå der ei lita stund og titte bort på den sovande bjørnen på ein slags skraphaug. Det går også fleire turstiar oppe på haugen, og eg kjente ei ro då eg stod og naut utsikta i det spesielle lyset på fjelltoppane.





Snø og små vatn, vegar som svingar seg av garde, landskap som minner om ei langstrakt vidde. Også her møtte me sauar på vegen, det er visst slik det er å køyre på visse vegar i Noreg, hi, hi. Kontrastar på himmelen gjorde det heile ekstra magisk. Å, vakre Aurlandsfjellet, vårt vakre land!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

FOR et landskap, FOR en natur! Det er virkelig vakkert, øde, og kontrastfylt på samme tid. Landskapet på toppen minner litt om landskapet i Finnmarka langs kysten. Og det hiet, det fikk jeg så lyst å besøke ;)

Silje sa...

Aurlandsfjellet er utan tvil ein av dei finaste vegane me har køyrt her i landet! Skjønner akkurat kva du meiner når du skriv at det er aude, vakkert og kontrasfylt på same tid, du skildrar det så nøyaktig! :D

Legg igjen ein fin tanke