31. des. 2020
#2020bestnine
Merkelapp
foto
30. des. 2020
Dekka bord og julehygge
Juleduk, julekaker, julekaffi, julemiddag, julehygge. Eg har jo allereie lagt ut liknande bilete i sundagslista, men no er det 30. desember, jula er nesten over og eg tenkte å dele eit siste innlegg med restar frå årets jul. Stressfri jul med dei nærmaste, og på mange vis gjorde det godt etter eit år som tjuetjue. Verken her eller på Sola bakte me noko mykje særskilt i forkant av jula, men det blei nesten sju slag. Zalo fann sin favoritt, tihi. Noko anna som smakte godt var rotgrønsakene me hadde ved sidan av kalkunmiddagen her hos oss andre juledag. Me dekka som vanleg bordet med mormorserviset, så stas å kunne ta det i bruk når me får gjestar på besøk. Julemorgon starta eg med kaffi og strikking (etter ein god frukost), og det var såpass lyst at det gjekk an å ta eit bra bilete av fargen på garnnøstet. Å, eg elskar den fargen, ein slags kremete rustraud med hint av orange og kvitt. Jobba i går og i dag, og skal ein liten tur innom i morgon formiddag. God nestsiste kveld.
Merkelapp
hygge,
mat og drikke
29. des. 2020
Ekte steinansikt
Strikking, lesing, Kahoot! og brettspel har vore hovudaktiviteta no i desse romjulsdagane. Ute har ikkje vêret vist seg frå si beste side, men fyrste juledag var det jaggu meg sol og opphald. Me åt ein god julefrukost, slappa av med bok og kaffi før me i halv eitt-tida fann fram gode klede og tursko og køyrde ut mot Vigdelstranda. På dei små dammane låg det eit tynt islag, vinterlyset var så vakkert og eg fann fargar både i blåsane ved elles grå veggar og det sennepsgule messinglavet.
Merkelapp
tur
28. des. 2020
To bøker og to vindaugspynt i desember
To siste julebøker og to fine ting i vindauget. Adventsstjerna har eg hatt i fleire år, og den gir eit så varmt og gyllent lys kvar einaste advent. Kanskje skal eg byrje å ha den oppe gjennom heile mørketida?! Glaspynten i kjøkkenvindauget har eg også rokke å bli veldig glad i etter at eg fann den i ein bruktbutikk for to eller tre år sidan. 25 dager til jul var for meg ei av dei beste julebøkene eg las gjennom årets jul, akkurat passe søt og rørande. Klokkerens evangelium av Heivoll er ei kalenderbok. Undrande og drøymande er den med stemningsfulle illustrasjonar i svart-kvitt av Børge Bredenbekk, ei bok der kvart kapittel får deg til å stoppe opp for å tygge på orda og setningane. Årets siste veke er her snart skriv me 2021. Eg har starta veka med ein ekstra fridag. Herleg å berre lese, strikke, høyre på musikk og sjå ein serie. Takksam for ein slik måndag.
Merkelapp
bøker,
hygge,
loppis og gjenbruk
27. des. 2020
Inga kvit jul, men likevel ei bra jul 🎁🎄
Lite som minner om kvit jul her hos oss: det bøttar ned, det er mørkt overalt og det er heile seks varmegradar ute. Men julaftan og fyrste juledag var det frost på bakken og sola stod høgt på himmelen, nesten som eit lite glimt av desember og kvit jul. Om ikkje anna har det vore mykje hygge desse dagane (og som du ser av bileta: ein haug med julebøker på lesebrettet), god mat, ein veldig bra gåtur ute, julemusikk og julekos på jobb. Fridag i morgon før det er jobb tysdag, onsdag og halve torsdag. I kveld blir det middag heime på Sola, sikkert med ein dose quiz og brettspel kjenner eg denne gjengen riktig ;) Tenkjer eg skal lese litt no, men fyrst vil eg oppsummere veka:
✦ slappe av og kose meg med Love Actually etter jobben på måndag
✦ spele Kahoot! over nettet i lag med eit søskenbarn og dei på Sjusjøen
✦ tihi, for ein ordentleg søt chinchilla
✦ juledagstur ute ved Vigdelstranda i lag med manne min og broren min
✦ herleg kanin som er nysgjerrig på pakkane under treet (eller kanskje juletreet i seg sjølv)
✦ liker godt Mandy Baggots julebøker, og stas å kunne "besøke" Notting Hill i ei av bøkene hennar
✦ Abbie sin IG-konto er alltid så inspirerande, og her skriv ho så fint om Anne of Green Gables
✦ måtte berre ta bilete av den flotte konfekteska og det søte julekortet me fekk på jobb
✦ "Adventskos" – for eit koseleg innlegg inne hos Et katteliv
✦ stelle i stand litt julekos på jobb bittelille julaftan
✦ ein liten "inside look" på All Creatures Great and Small, og no ligg jo serien på NRK Nett-TV
✦ The Christmas Countdown og One Christmas in Paris, søte, fine bøker med mykje julestemning
✦ rørande kjærleikshistorie – "Å aldri glemme den som glapp" – på NRKs nettside
✦ teste ut eit nytt spel, nemleg "Decrypto", og det er jaggu meg artig
✦ komme i gong med ein ny genser (nydeleg farge), og strikke medan eg såg Tre nøtter til Askepott
✦ sjå ferdig Endeavour, så utruleg spennande sesongfinale
✦ ete graut på lille julaftan, akkurat slik det skal vere kvelden før kvelden
✦ noko anna rørande (og her rann tårene mine som aldri før): "O Helga Natt" i koronaens jul
✦ Zalo har vore heilt med kvar dag, til dømes når me har ete julekaker
✦ lage kalkunmiddag her hos oss i går
✦ NRKs julekalender Stjernestøv starta treigt, men den blei betre og betre, og eg likte slutten
Merkelapp
sundagsliste
25. des. 2020
Julekvelden
Merkelapp
hygge
24. des. 2020
Sommarleg julehelsing ☀️⛄️
Store smil blant alle dei fargerike blomane ute på Flor & Fjære. Ein magisk augustkveld som me ser tilbake på som eit av årets høgdepunkt. Årets julekortbilete er sommarleg med alle moglege fargar, akkurat det me treng etter ein lang og noko mørk haust. Lite snø i Stavanger, men sola skin som aldri før, eg har nettopp sett Tre nøtter til Askepott og no er det Reisen til julestjernen medan eg strikkar og drikk litt kaffi. Med denne lille teksten vil eg få ønskje alle ei riktig god og lun jul ♥︎
Merkelapp
kjærleik
23. des. 2020
"Same procedure..."
Merkelapp
hygge
21. des. 2020
Juletrepynt på eit kalendertre
Merkelapp
interiør og bustad
20. des. 2020
Litt av kvart inn mot jul
✦ juleboka A Wedding in December av Sarah Morgan med latter, tårer, forviklingar og glede
✦ å høyre songen "Six Ribbons" på radioen, og det attpåtil på årsdagen vår
✦ fargerikt hus midt mellom to blokkar midt i byen
✦ søte og sjarmerande dyr som også vil vere med på julefeiringa
✦ adventsstjerna vår lyser så varmt og gyllent i vintermørket
✦ koselig å få eit lite bilete av høna Silje som altså to kollegaer har kalla opp etter meg
✦ kreativ måte å stå på rullebrett på, må berre smile stort av dette påfunnet
✦ lune morgonar med kaffi i koppen og adventsstaka i vindauget
✦ kulaste undergangen i byen
✦ lydar av isen og siste rest av november frå finaste Jonna
✦ spele litt "LetraMix" i lag med min betre halvdel og broremann etter middagen i kveld
✦ og Jonna tar dei mest magiske bileta, sjekk ut nettbutikken hennar her
✦ den siste boka i samband med #readchristie2020 blei Remembered Death (Sparkling Cyanide)
✦ kanskje me skal få til eit besøk til Magma Geopark neste år
✦ juleraude tulipanar på jobb
✦ "Top 10 Movie Soundtracks That Will Make You Cry" – fordi filmmusikk ♥︎
✦ stikke innom frisøren og få i stand julesveisen
✦ fin, liten og nusseleg katt som liker å bli klappa
✦ at "Home for Christmas" med Maria Mena endeleg er ute på norsk: "Jula hjemme"
✦ bokklubbmøte over nettet med finaste gjengen
Merkelapp
sundagsliste
Abonner på:
Innlegg (Atom)