5. apr. 2018

Så blei det bursdag i år også

Hipp, hipp hurra! Eg har rett og slett bursdag i dag. Litt kjedeleg å vakne opp utan mannen min ved sidan av meg, men han hadde i alle fall lagt igjen nokre gåver som eg opna no i kveld. Traska til jobb i dag, og sjølv om det var kaldt ute, var det herleg å ta beina fatt. Timane på jobb gjekk fort og det blei ein cappuccino på kafé rett etterpå. Godt å slappe av med ein kopp kaffi og ei god bok. Åt middag på ein restaurant saman med mamma og pappa. Maten var god og selskapet like eins! Hadde ein liten videosamtale med han der fine borte i Canada då eg kom heim. Pakka opp gåvene medan han såg på. Mummiboka hadde eg nærmast bestilt, så den var ikkje ei overrasking ;) Søtt med ein liten sjokolade, og så hadde han funne det perfekte teppet til meg. Som han sa så fint: "me treng det ikkje, men det er berre så deg". Tanta mi hadde også lagt igjen ei gåve då dei var her i påska, nemleg eit nuperellesmykke. Kjempefint med vakre perler! Av mamma og pappa fekk eg litt pengar til Canada-turen og så held mamma på å strikke ein stilig topp til meg. Og mange fine, kjekke helsingar på melding og sosiale medium. Ein akkurat passe bursdag er snart over ❀

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Gratulerer så mye med dagen som var! Høres ut som du hadde en fin dag ^^

Silje sa...

Tusen takk, fine deg! Sakna så klart min betre halvdel, men om ein ser bort frå det, var det ein fin bursdag, ja :D

Legg igjen ein fin tanke