16. apr. 2018

Med toget til og frå Kongsberg

Sju timar på tog er lenge, til og med eg som er glad i å ta tog synest det. Men sjølv om eg innimellom lengta etter å strekke på beina og kjenne frisk luft, var det ein fin togtur der eg fekk slappe av, la tankane vandre. Køyrde fyrst forbi Sandnes i strålande sol og tok etter kvart fram bok og kaffi. For det må ein ha med på togtur. Nodeland stasjon med ein herleg farge og på ein annan stasjon ein knallraud togvogn. Har alltid likt stadnamnet Nordagutu, og nå fekk eg endeleg tatt eit lite bilete av det. Sånn i farta. Sola skein inn og eg hadde solbrillene på gjennom heile turen.


På veg heim, altså i går, blei det berre to bilete, tatt med mobilen. Var mange folk om bord på toget og då byrja ikkje eg å dra fram speilrefleksen ;) Koste meg no uansett med ein liten Kvikk Lunsj, kaffi og bok. Sov litt, titta ut av vinduaget og ned på togskjenene som fauk forbi. Toget var ein snau halvtime forsinka inn til Stavanger, men det gjorde faktisk ingenting. For togtur er ganske fint!

Legg igjen ein fin tanke