23. apr. 2018

Små kvardagsgleder langs vegkanten

Startar veka med seinvakt og blomar. No er det så vakkert og vårleg ute når eg syklar til og frå jobben. Kvitveis oppe i skogen, hestehov langs vegkanten og rett utanfor blokka vår er det nokon som har planta desse flotte raudrosa blomane. Små kvardagsgleder og ei flott start på veka. Og så er det Verdas bokdag i dag! Hipp, hipp hurra for bøker og lesing! Blir nok ikkje så mykje lesing for min del sidan eg kom seint heim, men litt lesing på sengå før eg sløkker lyset blir det nok likevel.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mathilde Nicoline sa...

Hurra for våren <3 ikke en dag for tidlig!

Silje sa...

Vinteren var lang i år, så eg er strålande nøgd med at det endeleg er vår! :D

Legg igjen ein fin tanke