Denne utsikta! Eg sukkar høgt kvar gong eg ser den, og når ein får oppleve ein solnedgang som den me såg no i påska, då sukkar eg endå litt høgare. Det gylne lyset over fjella som fargar vatnet og snøen blårosalilla. Som fargar himmelen i den same fargen. To av kveldane fekk me også sjå månen stige fram over fjelltoppane. Det er jaggu meg flott der oppe. Høgt oppe på fjellet. Moslivatnet.
Legg igjen ein fin tanke