18. apr. 2018

Postkort og kafébesøk

Postkort frå Kongsberg. Heile helga var fylt med solskin, hygge og fine folk. På fredag skulle veninna mi på jobb, og eg tok meg ein tur inn til sentrum på eiga hand. Hoppa og dansa av garde, for det var så herleg å kjenne sola varme, kjenne at det no er vår. Før eg traska over gamlebrua, stoppa eg opp og tok eit par bilete av elva, nye og gamle brua og kyrkja i det fjerne (tatt med mobilen, det eg tok med speilrefleksen blei dessverre ufokusert). Vel over brua og inne i den gamle delen av byen, Vestsida, fann eg denne saken i grønt og gult. Det er sånt som fangar blikket mitt.


Broren min studerer jo i Kongsberg, så eg hadde avtalt å møte han den dagen. Møtte han ved biblioteket som ligg i same bygget som skulen hans (Høgskolen i Sørøst-Norge). Eg tok eit par bilete med mobilen inne på biblioteket, tenkjer å vise dei i morgon. Etter å ha vore der ei bittelita stund, gjekk me til ein kafé i nærleiken, nemleg Kåre João. Veldig koseleg atmosfære med retro møblar, god kaffi og vaffel. Me sat der i alle fall ein god time, berre prata og slappa av. Traska så vidare til den nye delen av sentrum der eg sa "ha det" til broremann og åt middag med veninna mi.

Legg igjen ein fin tanke