13. apr. 2018

Få, men treffande ord

Mikronoveller. Små historier som ein gong blei publisert på Twitter. Frode Grytten gav ut ei bok i 2014 med nokre av hans beste mikronoveller, tatt frå hans Twitter-prosjekt. 140 teikn. Mykje kan seiast på få ord. Over ser du nokre av mine favorittar frå boka Vente på fuglen. Denne fredagen og resten av helga er eg i Kongsberg for å besøke ei god veninne og treffe broren min. Bra helg!

Legg igjen ein fin tanke