8. apr. 2018

Lita bursdagsfeiring og mykje orkester

Sundagslista kjem seint i dag, men no er den i alle fall her. Førre helg blei det jo ikkje noko sidan det var påske og eg kom seint heim etter å ha vore på hytta. Me spelte konsert no i kveld, og det blei ei superbra oppleving! Måndag hadde eg fri (det var jo andre påskedag), men elles har det vore jobb dei andre dagane. Ei lita bursdagsfeiring blei det på torsdagen og eg har sett mykje påskekrim på NRK Nett-TV sjølv om eg veit at påska er over. Har også fått tid til å lese mykje og det gjer alltid like godt. Berre meg og boka og ein kopp med kaffi eller te. No skal eg slutte å prate, her kjem lista:

✦ te i eit av dei finaste krusa me har i skapet
✦ påskekrim, for serien Shetland er superbra og kult at dei hadde nokre scenar i Bergen by
✦ Musikalar i 100 med songar frå bl.a Jesus Christ Superstar og Les Misérables
✦ sykle til jobb når fuglane kvitrar som aldri før
✦ is med espressosmak toppa med krokan etter bursdagsmiddag på restaurant
✦ "The Ultimate Harry Potter Fan Theory Medley" – artig medley for alle Potterheads
✦ lese ut den nyaste krimboka til Claire Mackintosh
✦ fargekombinasjonen: burgunderraud og ein lys mosegrøn farge
✦ dei fine gåvene eg fekk til bursdagen min
✦ og alle dei kjekke bursdagshelsingane
✦ rørande å sjå denne hunden som tek vare på ein liten leopardunge
✦ ønskekonsert med orkesteret – så mykje bra musikk
✦ må alltid lese litt Agatha Christie i påska
✦ Jonna sitt tilbakeblikk på då ho flytta til Grundtjärn
✦ cappuccino, god bok og kult bokmerke på kafé på bursdagen min (medan eg venta på middagen)
✦ trøtt og innmari søt kattunge
✦ tilfeldig, men litt gøy å blogge kvar dag denne veka
✦ at det er under ein månad til eg reiser til Moncton

Legg igjen ein fin tanke