25. apr. 2018

Numedalslågen, sol og godt selskap

Litt treig her, men no kjem dei siste bileta frå helgeturen til Kongsberg. Etter at broren min og eg hadde ete kvar vår vaffel, drukke kaffi og prata ei god stund, traska me som nemnt bort til den andre delen av byen. Gjekk over Nybrua og stod ei lita stund og titta på Numedalslågen. Synest han fiskaren i elva var ganske kul (og ser du forresten "treet" i elva på det øvste biletet?!). Vel over brua, såg eg denne veggen. Eg liker det meste av slik gatekunst, og det gjorde eg med denne også.


Dagen etterpå, med andre ord laurdagen, starta eg dagen ute med ein kopp kaffi. Så herleg å sitje ute, kjenne sola varme sjølv om klokka ikkje var meir enn elleve-ish. Etter ei lita stund ute i sola, tok veninna mi og eg ein tur inn til sentrum for å handle litt. Var ikkje på jakt etter noko særskilt, men fann jo blant anna den jakka som eg er veldig nøgd med. I eit par av butikkane me var innom, hadde dei søtsaker pakka inn i ein retroaktig stil. Blir alltid like glad når eg ser sånt :) Me sat ute i fleire timar då me kom tilbake. Så skjønt å berre sitje der, slappe av i sola, lese litt og prate ein heil del. Og så fine Samuel, me to blei gode vener. Kubbelys i flotte fargar som lyste opp stova, og til middag: restepizza. Ei helg i eit veldig godt selskap, takk for at eg fekk komme, fine deg!

Legg igjen ein fin tanke