9. apr. 2018

Kveldsmagi på fjellet

God kveld i stua! Har vore grått her i byen i dag, men då passar det ekstra bra å ta ein titt på nokre mykje finare dagar. For det var jo kanonflott oppe på fjellet i påska. Eit par av kveldane fekk me sjå lyset over fjellet fyrst bli gyllent og deretter rosa. Månen kom fram, så stor og rund. Det var ei trolsk stemning då månen låg der bak ei sky, lurte bak fjellet. Eg liker nok aller best det siste biletet. Som du sikkert skjønner så er det ikkje tatt same dagen som biletet rett over, lurer på om det var dagen før. Uansett. Magisk å stå ute på terrassen og sjå månen lyse så sterkt over det islagte vatnet.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa - La Mar sa...

Wow, så fint!

Silje sa...

Er så vakkert der oppe! :D

Legg igjen ein fin tanke