29. apr. 2018

Biblioteksbesøk og kaffidate

Sosial veke med fine folk, både her i byen og i Oslo, for eg var jo som nemnt på dagstur til hovudstaden med nokre kollegaer på fredag. Lang, men samstundes veldig kjekk dag. På tysdag var eg fyrst ute på NAF-kontoret for å fikse internasjonalt førarkort til han, og etterpå blei det middag i Sandnes og lesing på kafé før orkesterøving (som det likevel ikkje blei noko av, men, men). Dagane på jobb har floge av stad med boksal, rykking av ein del av samlinga, eit par ekstravakter nede i byen og til slutt den lille dagsturen. I går sat eg tre timar på Ostehuset saman med tre herlege personar som eg ser så altfor sjeldan. Hygge! Takk for laget, finingar! Har elles ordentleg nedtelling no til eg reiser neste helg. Blir veldig godt å få sjå mannen min igjen. Men no over til sundagslista. Ser at det er mange, mange punkt denne veka, for det har rett og slett vore ei super veke:

✦ novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg av Anna Gavalda saman med ein kopp kaffi
✦ så utruleg mykje kult å sjå og utforske på Biblo Tøyen då me var på dagstur til Oslo
✦ slå av ein prat med ei gammal klasseveninne som eg traff på veg heim frå seinvakta
✦ "8 lästips och DIY av böcker på världsbokdagen 2018" inne hos Monica
✦ diktet Det er den draumen av Olav H. Hauge på ein glasdør på Sandnes bibliotek
✦ alle detaljane i Endeavour: tromming med fingrane på ein togtur, nærbilete av Morse som løyser kryssord og heile tidskoloritten
✦ ete ein burgar med gode søtpotetfries hos Jordbærpikene i Sandnes
✦ ikkje at eg brukte mykje pengar i russetida, men kult å vere bevisst og lage russebuksa sjølv
✦ lese ute på balkongen tidlegare i dag
✦ sjå og høyre skulekorps som øver fram mot nasjonaldagen
✦ ein kaffidate saman med ei veninne etter jobb på torsdag
✦ for ein fin romantisk fantasy-film: The Age of Adeline
✦ koseleg lesekrok på Stovner bibliotek (eller Deichman Stovner)
✦ te i eit fint krus ein av kveldane
✦ tusenfryd på ein grøn plen
✦ artikkelen min frå i fjor om metabøker med oppdateringar og nypublisering på Verdas bokdag
✦ pause i den besteste lesekroken med fargerike bøker og herleg solskin
✦ at det gjekk raskt å fikse internasjonalt førarkort, så no blir det biltur i Canada og i England
✦ "Bridge Over Troubled Water" i vakker a cappella-versjon med Peter Hollens og Tim Foust
✦ og apropos a capella: denne med Ylvis er like artig og fin kvar gong
✦ raraste, kulaste og finaste Zalo, for eg åt god middag og såg HP-film nr. fem heime på Sola i kveld
✦ kaffi og ein cookie medan eg las i ei bok hos Coffeeberry i Sandnes
✦ sitje på kafé i tre gode timar saman med to gode veninner og typen til ho eine
✦ blomar i knallsterke fargar rett utanfor blokka vår

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

For en innholdsrik uke du har hatt! Og fin liste som vanlig. Merker jeg gleder meg på dine vegne til du skal reise ^^ blir nok kjempestas! Håper uka flyr fort, slik at du kan reise, og at reisen går bra. <3

Silje sa...

Førre veke var verkeleg innhaldsrik og veldig sosial :D Veldig kjekt! Når det gjeld turen, så merkar eg at eg er spent og samstundes gleder meg. Trur nok det blir veldig bra når eg fyrst kjem fram :) Vil få ønskje deg ein god måndag <3

Ine sa...

Anna Gavalda <3 Og så fint med en dagstur til Oslo! Synes Deichman gjør mye bra med filialene sine for tida!

Silje sa...

Før førre fredag hadde eg ikkje vore innom nokre av filialane til Deichman, men eg synest i alle fall at både Tøyen og Stovner er flotte plassar å vere :) Og alltid fint med ei god bok ^^

Legg igjen ein fin tanke