9. mars 2018

Ofte kaffi, men av og til te

Kaffi er alltid ein klassikar, men nokre gongar er det te som gjeld. Særskilt med smak av mango, fersken eller Twinings sin Four Red Fruits. Her om dagen var det fram med det søtaste kruset og ein god te. Og eg har sikkert vist fram den kulaste tekanna før, men eg berre måtte igjen. Eit tesett i miniatyr på loket av kanna, det er så tøft og stilig! Sjeldan eg bruker den, men den står så klart framme på kjøkkenbenken slik at me kan sjå den kvar dag. Lita fredagshelsing før helga byrjar for fullt. Eller, eg skal no på jobb i morgon, men ein laurdag på jobb i ny og ne er heilt greitt.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mathilde Nicoline sa...

Herregud for en FANTASTISK tekanne! Den elsket jeg!

Silje sa...

Der sa du det! :D Tekanna er kjempetøff, men mest til pynt sidan den er litt tung og upraktisk. Heldigvis tar den seg godt ut på kjøkkenbenken :)

Legg igjen ein fin tanke