11. mar. 2018

Ei veke etter min smak

Gode bøker, koppar med kaffi, franskøving og spelekveld med to flotte personar. Veka i korte trekk. På jobb har me byrja å rykke ein god del av samlinga (rykke = i tyding av å flytte), og det er så kjekt å sjå korleis det blir betre og meir oversiktleg. Ei lita bokhylle inne på kontoret er også på plass, og det blei mykje betre plass (og finare) der inne i og med at me tidlegare hadde ei stor og stygg hylle i metall. Elles så har eg sykla, gått og tatt bussen om kvarandre, for vêret har nok ein gong vore både det eine og det andre. Men heldigvis ikkje altfor ille. Tilbake til bøker. Eg har storkost meg med Lingo, og eg tar gjerne i bruk det litauiske "rudenėja" som er ordet for dei fyrste haustteikna i naturen eller det sorbiske "swjatok" som beskriv dei gode timane etter arbeidsdagens slutt. Språk, altså. Tøft! Kjekk orkesterøving er også ein del av denne veka, ei veke heilt etter min smak:

✦ Lingo, ei fantastisk bok om det europeiske språket
✦ sykle til laurdagsvakta på jobb med solbrillene på
✦ så vakre takstein i den flottaste grønfargen
✦ skulpturen "Bubblor" av Annika Olsson som står inne på Gamlingen
✦ plutseleg finne ut at det er komme nye sesongar av Murdoch Mysteries
✦ følgje nokre amerikanske turistar til Fretex (så kult at dei hadde høyrt om den bruktbutikken)
✦ innmari koseleg med middagsbesøk i går, og det blei mykje prat, latter og litt "Bezzerwizzer"
✦ eg er jo lei vinteren, men det var likevel fint å gå til jobb og sjå eit lite kvitt lag på bakken i skogen
✦ veit ikkje om eg hadde tort, men tenk å overnatte her; for ei fantastisk utsikt
✦ Duolingo og Coffee Break French omtrent kvar dag
✦ kaffi og den morosame, franske filmen Les Fugitifs (Hjelp, vi flykter!)
✦ alltid gøy å lese nokre små og underfundige bøker; denne gongen var det Katt savnet
✦ Emma har skrive eit lite blogginnlegg om deira tur til Noreg
✦ knalloransje blomar i kule vaser i skranken på jobb
✦ Eides språksjov, for som eg nettopp sa: språk!
✦ stearinlys på den fine skjenken vår på ein heilt vanleg måndag
✦ diggar desse bøkene for dagens unge om historiske, kvinnelege forbilete
✦ kaffi latte i ein kopp og Ferrante-boka Kvelande kjærleik i fanget

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mathilde Nicoline sa...

Dette så fint ut! Liker du Ferrante-bøkene? Jeg tenkte prøve meg på de utover våren/sommeren :)

Silje sa...

Takk! :) Eg har lese dei tre "tynne" bøkene hennar, men ikkje Napoli-kvartetten. Trur ikkje bøkene er for alle, ho har eit rått språk og tematikken er kanskje ikkje for alle. Men det er mange som har skrytt av kvartetten, så på sikt bør eg vel lese den også?! Eg har no likt dei små eg har lese av ho i alle fall (kanskje "Svikne dagar" og "Den dunkle dottera" betre enn "Kvelande kjærleik"). Håper du får ei flott helg :D

Legg igjen ein fin tanke