2. apr. 2017

Te, kaffi og gode bøker

Roleg sundag her i heimen etter å ha vore på jobb i går og så feira ein 60-årsdag til godt over midnatt. Kort oppsummert har det vore ei grei veke med mykje bra vêr (okei, nokre grå dagar og regn har det vore), lesing, te og kaffi, kjekke dagar på jobb og planleggje meir av Interrail-turen. No i helga var mannen min i Trondheim der han spelte med det nyoppstarta korpset Bjergsted Blåseensemble i NM – dei vann sin divisjon, fyrste gong dei var med! Dei er gode! Full jobbveke i veka som kjem før det blir bryllaupsfeiring på laurdag :) Og her kjem lista for veka som har vore:

✦ fine pastellfargar og like fine mønster på papiret og boka frå Søstrene Grene
✦ alle bidraga i denne månadens Monthly Makers-tema
✦ lesestund for ein barnehage på jobb
✦ søøøøt, liten kattunge
✦ felle nokre tårer på slutten av ungdomsromanen Hest, hest, tiger, tiger
✦ "La La Land Medley"
✦ klippe håret kortare (slik at eg no er klar for bryllaupsfeiring neste laurdag)
✦ om eit tilfeldig møte som forandra eit liv
✦ kjøpte den ikkje, men måtte ta bilete av den kvite og mosegrønne kanna
✦ ein nydeleg coverversjon av Rent-songen "Without You"
✦ kveldskos med god te og nydeleg dikt av Olav H. Hauge
✦ denne lille illustrasjonen med "litterær kaffi" ;)
✦ og apropos kaffi: eit lite tilbakeblikk på kaffidaten vår førre laurdag hos Wayne's Coffee
✦ vakre fargar i ein fin heim
✦ gå tur opp til Ullandhaugtårnet der me blant anna såg eit esel med ein fole
✦ tenk å ha ein slik bokkatt
✦ så stas at Bjergsted Blåseensemble vann 2.div. i NM Janitsjar
✦ kan alltid draume meg vekk til slike lesekrokar
✦ tinge hotell i Berlin og i Praha
✦ denne saka her: "Bookshop turns classics into clickbait to get people reading"

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så stas at de vant! Gøy ^^ og haha, den siste: det er fryktelig mye spennende i litteraturen altså, på mange måter ting man knapt kan forestille seg. Håper du får en fin uke, Silje! <3

Silje sa...

Du kan tru at eg lo då eg las gjennom den siste saka, ja ;) Og jepp, det var stas og gøy at dei vann (skulle gjerne ha vore der, men hadde jo jobblaurdag). Satsar på at veka blir bra, og vil få ønskje deg ei like bra veke <3

Legg igjen ein fin tanke