27. apr. 2017

Torsdagstankar om eit skuleår

Innimellom tar eg meg sjølv i å tenkje på året ved Bømlo folkehøgskule. Ikkje av ein spesiell grunn, men som alle andre år var, og er, desse ni månadane ein del av mitt liv som har vore med på å forme meg til den eg er i dag. På eit vis kjennest det året som ein draum; tenk at eg var i Afrika, tok dykkarlappen på Zanzibar, eg såg RENT for fyrste gong, lagte ein liten parodifilm på Titanic, besøkte Auschwitz då me var i Krakow og song "Bohemian Rhapsody" fleirstemt. Det var så utruleg mykje eg fekk oppleve i løpet av desse månadane at eg av og til ikkje heilt klarer å forstå det. Ni månadar stappa med opplevingar, fine folk og travle dagar. Sju år har gått sidan eg slutta der, sju år som kjennest som i går og som ei æve sidan på same tid. Eit skuleår eg aldri ville ha vore forutan.

4 kommentarer:

Luisa - La Mar sa...

Det må ha vært litt av et år. Slike opplevelser blir med en for alltid, det er fint.

Silje sa...

Der har du heilt rett, Luisa! Slike opplevingar kjem ein til å ha med seg heile vegen, nokre gongar sterkare enn andre, men dei er der :)

teabooks sa...

Noen ganger angrer jeg litt på at jeg ikke dro på fhs selv. Virker som de fleste som har et slikt år har det helt fantastisk. Fint å få oppleve så mye forskjellig og man sitter igjen med så mange fine minner for resten av livet ^^

Silje sa...

Til dei som spør, pleier eg alltid å svare "ja", utan tvil, på om det er verdt det! For innimellom er det slit, særskilt fordi ein lever oppå andre menneske tjuefiresju, men likevel. Eit slikt år er verkeleg noko heilt eige ^^ God helg, fine deg :)