10. apr. 2017

Strandtur som sundagstur

Eller strandtur og strandtur. Me var så vidt innom Solastranda i går då me var ute på ein liten sundagsvandring. Frå laurdag til i går overnatta me på Sola sidan bryllaupsfesten skulle vere der. Difor tok me bilen bort mot Solastranda (me låner bil i påska), parkerte på ei av parkeringane, og så gjekk me fyrst bort til Domsteinane, ein gammal steinring som ingen heilt veit kva er for noko. Litt historisk sus på ein sundagstur er noko eg tar til meg med glede. Det same kan eg fint seie om desse fargerike benkane som stod langs ein grusveg rett ved Ølberg Frisbeegolfbane.


Planen var å gå til Ølbergstranda, men me enda opp med å gå ein tur i ein liten skog (den same som ein kan skimte på biletet med benkane), før me traska tilbake der me byrja. Tok som nemnt ein snartur ut i sanden. Vêret var akkurat passe, og det var idyllisk å høyre bølgeskvulp og måkeskrik, kjenne lukta av sjø. Til og med der ute kan ein få auge på gatekunst. Ein bitteliten strandtur.

Legg igjen ein fin tanke