7. apr. 2017

Tulipanar i vakre fargar og god sjokoladekake

Veit ikkje heilt kva eg skal seie om det som har skjedd i Stockholm. Det stikk litt ekstra i magen når det heile er så nært. Håper likevel at fredagen din har vore bra. Til bursdagen min som var på onsdag fekk eg blant anna vakre, fargerike tulipanar av min betre halvdel, og sjølv så hadde eg bakt ei kake. Eg prøvde meg på "sjokoladebiter med mokkaglasur" frå Det søte liv, og den blei knallgod; kan verkeleg anbefale den oppskrifta. I morgon er det offisielt påskeferie. Ikkje for det – eg skal på jobb både på måndag og tysdag, men elles er det faktisk ferie. God helg og riktig god påske ^^

0 kommentarer: