9. apr. 2017

Bursdagsveke og bryllaupsfeiring

Påskeferien har for mange byrja for fullt no i helga. Kjenner det skal bli godt å komme opp til hytta på onsdag etter to seinvaktar på rad. Om ein ikkje har fått det med seg, så har denne veka vore fullt opp med bursdagshelsingar, ei god bursdagskake og nokre gåver, eg har fått lese mykje og i går feira me som nemnt ein venepar av oss. Det blei ei kjempeflott feiring med mange herlege folk, fine talar og mykje glede og latter! Veka har rett og slett vore veldig bra :) Einaste var at då eg såg fotballkampen (bedriftidrettslaget til mannen skulle jo spele kamp), blei det plutseleg dramatikk då han eine på laget rauk leddbandet. Isj, det såg verkeleg ikkje godt ut, men han er no ved godt mot. Håper de alle saman har hatt ei bra veke og at påska blir god! Ei lita sundagsliste finn de rett under:

✦ nokon kjenner meg godt: ei vintage strikke- og heklebok og ei kongeblå brosje som bursdagsgåve
✦ gøy å lese denne saka om Nye Gamlingen
✦ danse vals i stova
✦ vise fram nokre av mine absolutte favorittar når det gjeld bok og film på jobben
✦ mange fine og gule bilete i dette blogginnlegget hos June
✦ få påskekort i posten frå ein kjenning og vakre tulipanar frå min betre halvdel
✦ kaféen Det lille hjørnet gav gratis kaffi til Kamilla og Sebastian (hint: barnefilm frå 1988)
✦ lese ei bok i sofaen medan solstrålane titta inn gjennom vindauget
✦ bake god sjokoladekake
✦ gå med blått blyantskjørt og stripete T-skjorte på jobb på bursdagen min
✦ du må berre sjå denne videosnutten med ein døvetolka song frå Norske Talenter
✦ ta på meg den knallfine, kongeblå brosja laga i nuperelleteknikk
✦ alle påskeliljene som eg ser på veg til og frå jobb
✦ så vakker idé: ei krone av hennatatovering
✦ skrive lappar til minneglaset
✦ feire bryllaupet til A og F <3
✦ viss eg ein gong er i Malmö, må eg sjekke ut denne kaféen
✦ gå ein liten tur ute ved Solastranda tidlegare i dag

Legg igjen ein fin tanke