Etter to dagar med seinvakt på jobb måndag og tysdag, bar det opp til hytta på fjellet nesten rett etter frukosten på onsdag. Der var me fram til i dag tidleg, og det har vore nokre veldig avslappande dagar. Akkurat slik eg ønskja at denne påska skulle bli. Mykje kaffi og quiz, mange timar med lesing, litt brettspel om kveldane og påskekrim på skjermen. Skuldrene har vore senka, og no er eg klar til å ta fatt på kvardagen igjen. I alle fall nesten – det er heilt greitt at det er ein fridag i morgon også ;) Og kanskje ikkje så rart, men det er nesten berre "hytteting" på sundagslista denne veka:
✦ solnedgang over fjellet rett utanfor hytta
✦ slappe av med påskekrim, både i bokformat og litt på skjermen
✦ gule påskeliljer på rekkje og rad
✦ å dra på besøk til ei god veninne i kveld
✦ spele "Alias" og "Kortskalle"
✦ gamle Agatha Christie-bøker nede i magasinet på jobb
✦ kryssord, quiz og andre påskenøtter
✦ nye episodar av Endeavour
✦ gå tur i området bak hytta i strålande sol
✦ tenne stearinlys om kvelden oppe på hytta
✦ eit nytt blogginnlegg med boktankar inne hos Ida
✦ høyre "Påskelabyrinten" på radio, og innimellom klare nokre av oppgåvene
✦ feire bursdagen min litt på etterskot saman med familien
✦ rykande fersk kaffi inne medan det blåste godt ute
✦ tinge hotell i den tsjekkiske byen Český Krumlov
✦ "15 Movies You Didn't Know Were Based On Books"
✦ at finaste Zalo var ein del av det gode selskapet på hytta
✦ lese ut The Bookshop (og kaffi er alltid ein slager)
Legg igjen ein fin tanke