30. apr. 2017

Siste veka i april

Heilt greitt med langhelg når sola stråler som aldri før ute. Ikkje for det, me har vore ein god del inne for å verkeleg byrje på kjøkkenoppussinga, men eit par turar ute har me fått gått. Hovudfokuset denne veka har vore kjøkkenet, og sånn elles har det vore jobb, prøvd å bli kvitt forkjølinga og eg har fått lese masse. Alltid gøy å dykke ned i ei god bok! Vel, her kjem sundagslista:

✦ vere fuglepassarar for finaste Zalo
✦ aprillyset inne hos Julianne
✦ flotte og fargerike hus også her i byen
✦ "Allt måste inte vara så perfekt" inne hos Beatrice og "April" inne hos Vardagskonst
✦ sundagstur ute på Bjørnøy, Ormøy og Roaldsøy
✦ gruppa Collabro som syng "Bring Him Home" og "Stars" frå Les Misérables
✦ hente kjøkkenfrontane ferdig lakkerte
✦ denne Instagramkontoen med heilt herleg kjolekunst
✦ rart å vakne opp til snø, men litt artig så lenge den berre låg nokre timar
✦ lo ganske godt av denne blandinga av Harry Potter og Game of Thrones
✦ bli ferdig med fotoboka frå bilturen i fjor (eller nesten; manglar litt tekst til bileta)
✦ printe ut dette fine bokmerket
✦ gå til jobb i det fantastiske vårvêret
✦ sjekk ut denne fine krabaten med store øyre
✦ rive tapet og leggje fiberduk inne på kjøkkenet
✦ gleder meg stort til den nye Wes Anderson-filmen som kjem neste år
✦ sollyset
✦ å lese blogginnlegget "That moment" inne hos Synne
✦ mykje tid til lesing, og ei Agatha Christie-bok er alltid ein slager 

2 kommentarer:

teabooks sa...

Så mye fint på søndagslista di! Sollyset, Agatha Christie, tur og lesing er jo alltid vinnere, vil jeg si. Og det bokmerket: nydelig! Dere får ha masse lykke til med kjøkkenoppussing :) Håper du får en fin dag og ei fin uke, Silje <3

Silje sa...

Kjære deg! Alltid så fint å titte innom og oppdage at du har lagt igjen ei lita helsing ^^ Held på med kjøkkenoppussing i dag også; me prøver å få tid til litt kvar dag no når me fyrst er i gong ;) Ønskjer deg også ei topp veke, Ida <3