5. apr. 2017

Halvvegs til femtifire 🎉



Hei og hå! I dag er det jaggu meg min bursdag! Halvvegs til femtifire og greiar, noko som vil seie at eg i dag blir tjuesju ;) Skal ikkje ikkje feire den på noko særskilt vis, men litt kake blir det; eg laga ein sjølv i går, og eg er jo ikkje den som pleier å stå på kjøkkenet. Ei gåve og to blir det vel også kan eg tenkje meg, og mange fine helsingar. Og så kan eg jo håpe på like fint vêr som det var for nærmare to veker sidan (for eg skal vere med og sjå mannen min spele fotballkamp ute på kvelden) og ein bukett blomar like fin som den som stod på bordet då me feira ein sekstiåring i helga (hint, hint...). Uansett trur eg det blir ein bra dag – det er jo ikkje kvar dag ein blir eit heilt år eldre!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Gratulerer med dagen, kjære Silje! <3 Håper dagen din blir flott! ^^

Silje sa...

Dagen starta med god frukost og like god kaffi, så eg skal ikkje klage ;) Tusen takk, besteste Ida <3

Legg igjen ein fin tanke