9. jan. 2017

Flott tur ein torsdag tidleg i januar

På torsdag var vêret heilt upåklageleg med sol, blå og klar himmel, kald og frisk luft. Min betre halvdel hadde heimekontor, eg hadde fri og dimed kunne me styre dagen litt sånn som me ville. Det blei ein liten spasertur midt på dagen. Trea fekk lange skuggar av solstrålane, og det same fekk me.


Ved ein av gardane som ligg i nærleiken, hadde ein av kalkunane forvilla seg utanfor gjerdet (trur nok den kom seg inn til slutt, altså, ingen fare). Nokre små spor i frosten som låg som eit tynt lag på asfalten, og den same frosten var endå finare på graset. Små, men viktige, kvardagsgleder.


Lyset frå sola var så varmt og fint, og det var herleg å berre la tankane fare, kjenne sola varme, sjå utsikta over byen, langt bort til fjella i det fjerne. Sukk. Det er noko eige med slike turar.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Elskar når sola får alt til å kaste lange, rare skuggar.

Hm. Sporsnø er eit velkjent omgrep, men sporfrost var nytt for meg, hoho!

Silje sa...

Er litt ekstra godt å kjenne sola no etter hausten og mørke vinterdagar :) Og så er det jo moro å lage nokre nye ord innimellom ;)

Legg igjen ein fin tanke