4. des. 2016

Peparkakeby og lys i førjulstida

Mørke dagar, regn på veg både til og frå jobb. Det har vore nokre av dei dagane denne veka. Samstundes har det andre dagar vore frost og sol, og med alle dei fine julelysa og adventsstjernene som heng rundt omkring, er ikkje mørket så verst likevel. Desember er godt i gong, og sjølv om eg kjenner at eg innimellom blir litt stressa av julegåvemaset, så nyt eg adventstida til det fulle med julemusikk, julepynt i heimen, adventskalender, sende ut julekort og sjå julefilmar. Ei ny veke er i anmarsj, men før den tid er det jo på tide å oppsummere vekas finaste punkt i ei sundagliste:

peparkakebyen som står utstilt i eit av dei større romma på jobb (hovudbiblioteket)
✦ både le og gråte til musikalfilmen Billy Elliot the Musical Live, den er minst like god som filmen
✦ lage ferdig adventskalenderen til mannen min og sjå at den gir glede
✦ søtaste og den mest nusselege kattungen
✦ endeleg gjere ferdig puffen som eg strikka for nærmare to år sidan (!)
✦ adventsstjerna i vindauget
✦ diggar rett og slett Emma Watson
✦ høyre "Blålokk" frå Jul i Blåfjell i ein av butikkane på jobb
✦ har sett at fleire har delt denne, men reklamevideoen som Wes Anderson har laga for H&M er så utruleg koseleg, får julestemning og vil sjå alle Anderson-filmane no med ein gong :)
✦ lage knallgode fløtekaramellar
✦ forfriskande julekampanje
✦ hyggeleg førjulsmiddag hos ein kollega
✦ hekle ferdig alle lappane til teppet som eg no "berre" skal sy saman
✦ alltid like kjekt med eit Glee-gjensyn, og det same med eit Harry Potter-gjensyn
✦ lese ut den nyaste boka til Gaute Heivoll
✦ søt og fin historie om kjærleik
✦ Breiavatnet bada i vakre julelys
✦ le av denne videosnutten med Benedict Cumberbatch og denne med Eddie Redmayne
✦ sjå den fyrste Narnia-filmen (må vel sjå TV-serien og snart, for det er juleminne, det)

2 kommentarer:

sandra sa...

Så mysigt det ser ut, Silje! Önskar att jag också kunde få till ett pepparkakshus men jag är alldeles för klumpig för det :P

Silje sa...

Har jo ikkje laga nokre av desse peparkakehusa sjølv, men skulle gjerne ha gjort det om eg hadde klart å vere tolmodig ;) Ønskjer deg ei fin veke, Sandra :D