27. des. 2016

1. juledagstur til Lutvann

Fyrste juledag, før me måtte pakke koffertane og dra i retning Kr.sand. Så godt å bevege oss, kjenne frisk luft i andletet. Me var fem stk. som tok på oss varme klede, gode sko og gjekk ein tur i Østmarka. Nokre plassar var det is og bittelitt snø, og eg prøvde å ta bilete av dei koboltblå hanskane eg fekk til jul (fargen er så knæsj som det går an å bli, og det er verkeleg vanskeleg å fange det på eit bilete). Me traska både på grusveg og skogssti, og det blei nokre skritt den dagen, ja.


Planen var å gå berre ein liten tur, det vil seie omtrent ein time, men me enda opp med å vere ute i dryge to timar, og turen gjekk til Lutvann og tilbake igjen. Då me kom fram til vatnet, skein sola som aldri før, og solstrålane var så vakre der dei titta fram mellom trea. Takk for ein herleg tur!

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Flotte bilete til å bli i riktig storhumør av!

Silje sa...

Det gjorde godt med ein slik tur, den siste i 2016! Vêret var nydeleg og selskapet alle tiders :D