22. des. 2016

Kvite og fine tulipanar

Ingen av oss kan vel skryte av at me er noko særskilt gode på å kjøpe inn fine blomar til heimen. Så då ei av dei som var på besøk her førre tysdag kom med vakre tulipanar, tok me hjarteleg imot. Å pynte heimen med blomar er jo i grunnen veldig fint og dekorativt, så her kan me absolutt bli betre ;) Kanskje eit mål for neste år?! Eit lite og kvardagsleg blogginnlegg no rett før julefeiringa tar til.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Dei var flotte!

Eg hadde ein liten ambisjon om å bli flinkare til å kjøpe inn fine blomar til å ha i huset, gjerne i bukettform, no då eg flytta inn i farmorhuset. Men enn so lenge har eg ikkje vore so flink. Det er so lett å gløyme når ein ikkje er vande til å skaffe dei. Og so er det jo ikkje alltid nærbutikken har dei blomane eg ynskjer meg, og då er det ein halvtime med bil til næraste blomeforretning.

Når våren og sommaren kjem, håpar eg på å kunne plante blomar som kan bli vakre bukettar, både til meg sjølv og andre!

Silje sa...

Kjenner meg igjen der, ja, særskilt det å komme på å kjøpe blomar når ein ikkje er vande med det. Men det er jo veldig koseleg å kunne gå ut i skogen og plukke blomar heilt sjølv :)

Legg igjen ein fin tanke