9. des. 2016

Ei god og ypperleg tesamling

Det er nok mest kaffi det går i, men denne hausten har det faktisk blitt nokre koppar med te. Etter kvart har me byrja å få eit lite utval. Akkurat no er favorittane mine vanilje- og aprikos, hylleblomst og Four Red Fruits. Og ein te med ferskensmak er alltid ein slager :) Me kjøper det meste av teen på iHerb, men hylleblomstteen fann eg på Søstrene Grene og Four Red Fruits er jo ein klassikar frå Twinings som ein får i dei aller fleste daglegvarehandlar. Ei lita fredagshelsing frå meg til deg!

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Kjekt med eit utval ein verkeleg tykkjer om! Eg har i mitt stille sinn bestemt meg for å ta ei lita opprydding i teskåpet mitt og luke ut dei eg ikkje drikk. Det er mykje metre å ha eit noko avgrensa utval, men vite at dei alle er velsmakande og blir drukke.

Silje sa...

Sidan det går mykje i kaffi, er det greitt å kunne ha ei lita tesamling som me veit at me liker og som me kjem til å drikke opp utan at det står på hylla i ti år. Og så er det (som det er med det aller meste) lettare å ha oversikt når det ikkje er så altfor mykje :) Ikkje for det – det er jo litt ekstra stas å av og til kjøpe eller få ein ny te som ein etter å ha smakt verkeleg liker og som ein gjerne vil ha meir av ;)